Skip Navigation Links(Hjem) > Tjenester

Om kulturminne

Lundebrua - Klikk for stort bilde

 

Kulturminneloven definerar kulturminne som: spor etter menneskelig virksomhet i [...] fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til.

Ein slik definisjon opnar for eit kulturminneomgrep av det breie slaget. Lova seier vidare at kulturminne og miljø med eigenart og / eller variasjon, som er ein del av vår kulturarv og identitet, og som har relevans for vitskapen skal vernast og takast vare på. Slike vide definisjonar opnar for eit kulturminnemangfald. Kva eit samfunn vel å definere som kulturminne må etter dette stå i samanheng med kva samfunnet til ein kvar tid definerar som kulturarv for sitt samfunn, og som identitetsskapande for dei som bur der.

Kulturminne som oppfyller visse kriteriar for sjanger og alder kan etter Kulturminneloven, og av ulik grad, gjevast freding eller vern. Dette er storsamfunnet sin markering av at det er nokre minner og spor som skal gjevast særskilt status.

Bygg og Bevar er eit program oppretta av Klima- og miljødepartementet i samarbeid med Byggenæringens Landsforening. Dei driftar nettportalen www.byggogbevar.no. Her finnast artiklar som er utforma med kunnskap frå fagmiljøa og offentleg regelverk. Alle som arbeidar med forvaltning og vedlikehald av gamle bygg kan nytte Bygg og Bevar som ein kunnskapsbank. Dei er produkt- og leverandør-nøytrale.

 

Det er utarbeida ein rettleiar for byggjeskikk i Valdres. Rettleiaren finn du her. (PDF, 3 MB)
Odd Arne Rudi er tilsett som bygningsvernrettleiar i Valdres. Han kan treffast på epost odd.arne.rudi@valdres.museum.no eller på telefon 97 68 90 65.


Det mest kjende kulturminnet i Etnedal er Lundebrua frå 1829. Brua er freda og i 1989 vart ho godkjent som kommunevåpen for Etnedal. Du finn meir informasjon om kulturminnet til høgre på sida.

Sist endret 07.08.2017
Kyrkjevegen 10
Bruflat
2890 Etnedal
postmottak@etnedal.kommune.no
(+47) 61 12 13 00
(+47) 61 12 13 01
Åpningstider
08.00-16.00 (vinter)
08.00-15.30 (sommer)
Org.nr: 933 038 173
Kontonr: 2140.05.00492
Kommunenr: 0541
valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune