Skip Navigation Links(Hjem) > Etnedal > Kommunevåpenet

Kommunevåpenet - bru i blått

Kommunevåpen Etnedal
Kommunevåpen Etnedal

Bru i blått – sjølvsagt symbol for Etnedal kommune

På 1960-talet meinte fleire valdreskommunar at det var på tide å skaffe seg skikkelege kommunevåpen. Riksarkivet gav tilråding om at brumotiv ville høve godt for Etnedal kommune, men ein burde handle raskt dersom bru skulle bli motiv for kommunen, meinte dei. Fleire kommunar hadde allereie vald brumotivet, og aktivitetsnivået var generelt høgt når det galdt å få godkjent nye kommunevåpen.

I eit brev til Etnedal kommune 22. januar 1983 la Ivar Aars fram ei grunngjeving for Lundebrue som motiv for Etnedal kommune sitt kommunevåpen:

1. Lundebrue er eineståande som større steinbru frå eldre tid (1820-åra).
2. Administrasjonsstaden Bruflat er samansett av ”bru” og ”flot” (flate ved vatnet).
3. Sambandet Oslo – Bergen gjekk her, og deler av den gamle kongevegen er enno bevara.
4. Etnedal knyter saman Valdres og Land, er ”bru” mellom regionane.

Brumotivet skulle vise seg å bli eit problem. Dei heraldiske reglane seier at motiva skal vera stiliserte og ha ei generell utforming. Ein kan altså ikkje få ei naturalistisk attgjeving av Lundebue. Dette opprørte mange, som meinte at dei framlagde forslaga ikkje godt nok synte at dette var Lundebrue. Debatten vart ein klassisk dragkamp mellom eit folkeleg og lokalt engasjement for Lundebrue, og Riksarkivet sitt ynske om generelle, stiliserte motiv, og krav om å fylgje heraldisk reglement.

9. mai 1989 vart likevel ei stilisert Lundebru vedtake som kommunevåpen for Etnedal kommune med same grunngjeving som i forslaget frå 1983. Våpen og flagg vart godkjent i statsråd 14. juli 1989.

Litteratur:
Ivar Aars 1990, Bru i blått, Årbok for Valdres.

Sist endret 15.03.2013
Eksterne linker
Kyrkjevegen 10
Bruflat
2890 Etnedal
postmottak@etnedal.kommune.no
(+47) 61 12 13 00
(+47) 61 12 13 01
Åpningstider
08.00-16.00 (vinter)
08.00-15.30 (sommer)
Org.nr: 933 038 173
Kontonr: 2140.05.00492
Kommunenr: 0541
valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune