Skip Navigation LinksEtnedal kommune > Tjenester

PP-tenesta

PP-tenesta for Valdres er ei interkommunal teneste for alle seks Valdres-kommunene. Tenesta har kontor på Fagernes.

I Valdres er det også ei eigen fylkeskommunal PP-teneste for vidaregåande skule, lokalisert på Valdres vidaregåande skule på Leira.

Tenesta på Fagernes dekker aldergruppen 0-16 år, samt vaksne med behov for spesialundervisning.

PPT arbeidar med barn og unge som treng hjelp for å sikre si utvikling. PPT har også som oppgåve å hjelpe skulane og barnehagane med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å sikre ei inkluderande og likeverdig opplæring for barn, unge og vaksne med særskilte behov (spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning).

Før henvisning til PPT skal situasjonen vera drøfta i den enkelte einhet med rektor/styrar, og deretter med kommunekontakt frå PPT.

Barn, ungdom og foresatte kan ta direkte kontakt med tenesta for å be om hjelp eller råd. PPT samarbeidar med dei øvrige kommunale hjelpeinstansar for barn og unge.

Meir informasjon om PP - tenesta finn du her.

Sist endret 12.10.2016
Kyrkjevegen 10
Bruflat
2890 Etnedal
postmottak@etnedal.kommune.no
(+47) 61 12 13 00
(+47) 61 12 13 01
Åpningstider
08.00-16.00 (vinter)
08.00-15.30 (sommer)
Org.nr: 933 038 173
Kontonr: 2140.05.00492
Kommunenr: 0541
valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune