Skip Navigation LinksEtnedal kommune > Tjenester

Kyrkjene våre

Bruflat kirke -sommer2 - Klikk for stort bilde Nord-Etnedal kirke -vinter2 - Klikk for stort bilde

 

I Etnedal finn ein Bruflat kyrkje frå om lag 1750 og Nord-Etnedal kyrkje frå 1866.

BRUFLAT KYRKJE

Bruflat kyrkje er ei av to kyrkjer i Etnedal og vart bygd om lag 1750 i ei barokk korskyrkjeform. Interiør og eksteriør kan karakteriserast som spesielt i Valdressamanhang. Kyrkja er ikkje kledd med panel, slik ein hadde for vane å gjere med desse kyrkjene. Det er derfor den grove, malma tømmerkonstruksjonen ein legg merke til i eksteriøret. Innvendig, i to av korsformene, er det reist to galleri. Galleria finn ein til vanleg berre over hovudinngangen i hovudskipet. I Bruflat kyrkje er det i tillegg bygd eit galleri i sideskipet mot vest.

Bruflat kyrkje er etter kulturminneloven ei listeført kyrkje. Alle kyrkjer bygd mellom 1650 og 1850 er listeførde kyrkjer. Riksantikvaren skal sakshandsame alle saker som rører ved desse kyrkjene.

NORD-ETNEDAL KYRKJE

Nord-Etnedal kyrkje er den andre kyrkja i Etnedal. Ho er bygd i 1866 etter at Nord-Etnedal vart eiga sokn i 1864. Tidlegare sokna nord-Etnedølene til Skrautvål kyrkje i Aurdal prestegjeld (det som seinare vart Nord-Aurdal prestegjeld), men kyrkjevegen til Skrautvål var lang. I tillegg tok folketalet seg kraftig opp mot midten av 1800-talet og det var etterkvart behov for eiga kyrkje i Nord-Etnedal.

Nord-Etnedal sokna til Nord-Aurdal prestegjeld heilt til Etnedal vart eiga kommune i 1894.

For meir informasjon sjå www.kirken.no/etnedal

Sist endret 19.04.2017
Kyrkjevegen 10
Bruflat
2890 Etnedal
postmottak@etnedal.kommune.no
(+47) 61 12 13 00
(+47) 61 12 13 01
Åpningstider
08.00-16.00 (vinter)
08.00-15.30 (sommer)
Org.nr: 933 038 173
Kontonr: 2140.05.00492
Kommunenr: 0541
valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune