Skip Navigation LinksEtnedal kommune > Tjenester

Etnedal kulturskule

Instrumenter (Etnedal kulturskule) - Klikk for stort bildeInstrumenter (Etnedal kulturskule) Etnedal kulturskule

Etnedal kulturskule har 20-årsjubileum i 2018, og skulen er eigd og drive av Etnedal kommune. All undervisning blir gitt i eigne lokale på skulen. Elevane får undervisning i ulike kunst- og kulturuttrykk der læring, oppleving og det å oppdage og utforske nye sider ved seg sjølv er viktig. 

Blå blommer (Bente Hemsing) - Klikk for stort bildeBlå blommer (Bente Hemsing) Bente Hemsing

Kulturskulen har som mål å vera eit resurssenter i Etnedal, fyrst og fremst som eit tilbod til born og unge frå 1. klasse og oppover. Undervisninga skjer enkeltvis eller i grupper fortrinnsvis etter skuletid. Lengda på undervisninga varierer etter elevens behov og etter gruppestørrelse. Noko undervisning blir også gitt i form av seminar og fellessamlingar. Skuleåret 2017/18 har elevane tilbod om undervisning i piano, keyboard, gitar, slagverk, fiolin, tradisjonssong, kor, band, dans og teknisk kulturarbeid. Me har felles lærarar med fleire av våre nabokommunar.

Koret og korpset i Etnedal er ein del av kulturskulen. Ta gjerne kontakt dersom du er interessert i å vera med. Bruflat songkor, dirigent Serhiy Bykov, kontaktperson er Hege Rotnes, tlf 469 65 670. Bruflat musikklag, dirigent Lars Erik Haugerud, kontaktperson er Åge Kleven, tlf 957 97 299.

Påmeldingsfrist til kulturskulen er 1. april kvart år på, men me er opne for påmelding til gruppetilboda kvart halvår:

https://noetnedal.speedadmin.dk    

Elevar som alt har ein plass i kulturskulen, må gå inn og re-registrere seg kvart år. Det er verd å merke seg at me berre tek i mot påmeldingar på nettet (og ikkje i papirversjon) frå no av. Ved stor søkning kan eleven bli satt på ei venteliste. Kulturskulen har søskenrabatt og nokre instrument til utleige.

Vel møtt til kulturskulen!

Kontaktperson: Bente Hemsing (rektor), bente.hemsing@etnedal.kommune.no
Telefon 971 52 445.

Undervisningstilbod skuleåret 2017/18:

Gitar (Arne Nygård)
Bassgitar (Arne Nygård)
Band (Arne Nygård)
Piano (Serhiy Bykov)
Keyboard (Serhiy Bykov)
Kyrkjeorgel (Serhiy Bykov)
Slagverk (Simen Motrøen)
Kunstfag frå 3. trinn (Sissel Albrigtsen Bakke)
Dans (1.-5. trinn) (Elisabeth Ruud)
Dans (6.-10. trinn) (Elisabeth Ruud)
Teknisk kulturarbeid for ungdomsskulen (Øyvind Fagernæs)
Hardingfele (Bente Hemsing)
Fiolin (Bente Hemsing)
Kulturskulekor 1.-4. trinn (Bente Hemsing)
Tradisjonssong, einetime og gruppe (Bente Hemsing)

Betalingssatsar i kulturskulen:
Song- og instrumentalundervisning kr 1100 pr halvår
Kunstfag inkl materiall                      kr 1100 pr halvår
Teknisk kulturarbeid                         kr   900 pr halvår
Dans                                                 kr   900 pr halvår
Band                                                 kr   900 pr halvår
Kulturskulekor 1.-4. klasse               kr   900 pr halvår
Utvida speletime, 15 min                  kr   400 pr halvår
Småtrølltreff på Fagernes                 kr   600 pr halvår

Det blir gitt 20% til søsken nummer to.

 

Instrumentutleige:
Kulturskulen har nokre instrument til utleige: langeleik, fiolin, hardingfele og toradar.
Pris kr 400 pr semester.

Sist endret 28.08.2017
Bente Hemsing

Bente Hemsing

Kulturskolerektor

Mobil : 971 52 445

Send E-post

 

 

Betalingssatser (1)
Kyrkjevegen 10
Bruflat
2890 Etnedal
postmottak@etnedal.kommune.no
(+47) 61 12 13 00
(+47) 61 12 13 01
Åpningstider
08.00-16.00 (vinter)
08.00-15.30 (sommer)
Org.nr: 933 038 173
Kontonr: 2140.05.00492
Kommunenr: 0541
valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune