Skip Navigation LinksEtnedal kommune > Tjenester

Tilskudd til lokale lag og organisasjoner

Korps - Klikk for stort bilde

Her finn du oversikt over stønadsordninger tilknytta kulturområdet.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med kultursjef Gabrielle Becker, tlf. 61 12 13 50.

Kulturmidlar:
Etnedal kommune gjev økonomisk støtte til drift av lag og organisasjonar som arbeidar på eit ideelt grunnlag. Kvart år lyser kommunen ut kulturmidlar. Denne støtteordninga går til musikk, teater, idrett, friluftsliv, og generell organisasjonsverksemd for born, unge og vaksne. Etnedal kommune prioriterar lag og organisasjonar som arbeidar for born og ungdom. Det same gjeld for lag som tilrettelegg sine aktivitetar for personar med spesielle behov og for integrering av menneske frå andre kulturar.
Søknadsfrist: 1. april.
Søknadsskjema: får du på kommunehuset.
Etnedal Kulturråd og Etnedal Idrettsråd vurderar søknadane og legg fram forslag til fordeling. Utvida formannskap fordelar midla.
Det er òg sett av ein eigen pott til enkeltprosjekt som fremjer kulturen i Etnedal. Det kan til dømes søkjast støtte til enkeltarrangement, til kjøp av spesielt utstyr, til produsjonar (musikk, film, scene, bøker) eller til turar. Brev med budsjett kan sendast kulturkontoret heile året. 

Tilskot frå Lenningen-midlane
Formannskapet i Etnedal kommune delar ut gåvemidlar frå Bruflat Sokn - Lenningen-midlane. Midlane skal gå til «allmennyttige, trivselsfremmende og prosjektbaserte formål … i Etnedal».
Søknad med omtale av prosjektet og kostnadsoverslag sendast Kulturkontoret i Etnedal, Kyrkjevegen 10, 2890 Etnedal / g.becker@etnedal.kommune.no.

Søknadsfrist 1. oktober.  Kriteriar for tilskot frå Lenningen-midlane.
 

Midlar til ungdoms- og idrettsadministrasjon:
Etnedal kommune gjev økonomisk støtte til personar i Etnedal som legg ned ein særskilt stor innsats for born og ungdom. Lag og organisasjonar bestemmer sjølv kven som skal få denne støtta. Støtta skal dekke utgifter som telefon, reise, administrasjon o.l.
Søknadsfrist: 1. april.
Søknadsskjema: får du på kommunehuset.
Etnedal Kulturråd og Etnedal Idrettsråd fordelar midla i samarbeid med kulturkontoret.

Lokale aktivitetsmidlar:
Noregs Idrettsforbund delar kvart år ut midlar til lokale idrettslag. Gjennom Oppland Idrettsråd blir desse midla kvart år fordelt til kommunane. Søknadsfrist: 1. april.
Søknadsskjema: får du på kommunehuset. Det er idrettsrådet i Etnedal kommune som fordelar midlane. 

Midlar til tiltak for born og unge:
Ungdomsrådet i Etnedal har kr. 50.000,- til eigen disposisjon. Klasser, lag og personar kan søkje midlar til aktivitetar eller utstyr som kjem ungdom i kommunen til gode. Søknad sendast til kulturkontoret i Etnedal. Det kan søkjast heile året.

Spelemidlar:
Kulturdepartementet gjev støtte til bygging av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg og til kjøp av idrettsutstyr.
Søknadsfrist ordinære anlegg og nærmiljøanlegg: 1. oktober.
Søknad om spelemidlar til anlegg og vedlegg leggjast inn elektronisk på www.idrettsanlegg.no. Dersom du treng rettleiing, ta kontakt med kulturkontoret. Søknad om spelemidlar til utstyr sendast til særforbundet. For meir informasjon, sjå her. (PDF, 2 MB)

Folkemusikk i notid og framtid:
Kommunane i Valdres har sett av kr. 60.000,- til fordeling. Midlane blir fordelt mellom 2-4 gode produksjonar med røter i folkemusikktradisjonen. Produksjonen skal inngå i Den kulturelle skulesekken i Valdres. Søknad sendast Valdresmusea AS v/folkemusikkarkivaren innan 15.03. For meir informasjon kontakt kulturkontoret.

Den kulturelle spaserstokken:
Lokale lag kan søkje på midlar innanfor ordninga Den kulturelle spaserstokken. Midlane skal nyttast til gode kunst- og kulturprosjekt for eldre. Aktivitetane skal ha høg kulturfagleg kvalitet. Kommunen kan gje tilskot til kulturprosjekt som er i tråd med kriteria for ordninga. Ein kan søkje om tilskot heile året per brev eller e-post til kulturkontoret. 

Kriblemidlar:
Einskildpersoner og lag kan søkje om støtte til å lage kunst- og kulturfaglege produksjonar av høg kvalitet i samarbeid med Etnedal skule. Kriblemidla skal i samarbeid med profesjonelle kunstnarar bidra til å verkeleggjere draumar hjå elevane innanfor felta kunst og kultur. Søknad sendast kulturkontoret innan 1. desember. Du finn søknadsskjema og meir informasjon om ordninga på heimesida til Oppland fylkeskommune. Kulturkontoret har òg meir informasjon.

Kulturminnefondet:
Kulturminnefondet er eit verkemiddel innan kulturminnearbeidet. Tilskotet frå Kulturminnefondet er på cirka 25 % av totalkostnaden i det enkelte prosjekt.
Sjå http://kulturminnefondet.no/

Riksantikvaren / Oppland fylkeskommune:
Søknadar frå privatpersonar og kommunar som eig kulturminne (også tekniske og industrielle kulturminne) om økonomisk støtte til vedlikehalds- og restaureringsarbeid skal sendast kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen for vurdering og prioritering. Freda bygningar skal prioriterast ved tildelinga. Fylkeskommunen har ulike fristar, vanlegvis ein gong i året, sjå lokalpressa.
Eigarar av mellomalderbygningar (eldre enn frå 1537) kan søkje Riksantikvaren om tilskot.

Landbrukseigedommar:
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er ei støtteordninga disponert av kommunane. Ordninga er retta mot alle som eig landbrukseigedom og skal hjelpe fleire til å ta vare på miljøverdiane i landskapet. SMIL gjev støtte til planlegging og gjennomføring av eingongstiltak knytt til mellom anna istandsetting og skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø. Landbrukskontoret i kommunen gjev rettleiing.

Rådet for folkemusikk og folkedans:
Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) er ein sjølvstendig institusjon organisert som ei stifting. Rådet for folkemusikk og folkedans har som hovudmål å fremja, verna og føra vidare norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar som eit uttrykk for kulturell identitet og som berar av særeigne kvalitetar
Rådet er også ein tilskotsinstitusjon under Kulturdepartementet.
Sjå www.folkemusikkogfolkedans.no/ for meir informasjon.

Landslaget for spelemenn:
Landslaget for spelemenn (Lfs) er sentralorganisasjonen for alle som arbeidar for folkemusikk og folkedans i Noreg. Om lag 150 lokale spel- og dansarlag og over 5000 medlemmer er tilslutta sentralorganisasjonen Lfs. 
Søknad til Lfs må innehalde prosjektskildring og budsjett med oversikt over forventa inntekter og utgifter. Dersom du skal starte opp eit prosjekt som du meiner kan vera av interesse, tek du kontakt med Landslaget for spelemenn www.folkorg.no/medlemslag/spelemannslaget-landslaget-spelemenn/

Vaksenopplæringsmidlar:
Landslaget for spelemenn er medlem av Musikkens Studieforbund, som organiserar vaksenopplæringsmidlar innan musikklivet. Du finn informasjon om vaksenopplæringsmidlane hjå Musikkens Studieforbund: www.musikk.no/

Norsk Kulturråd:
Norsk kulturråd arbeidar for å styrke mangfaldet av kunst- og kulturuttrykk i samtida, og for å gjere kulturtradisjon og kulturvern tilgjengelig for flest mogleg. Kvalitet, profesjonalitet og mangfald skal vere sentrale verdiar i arbeidet for rådet. Norsk Kulturråd er eit statleg oppnemnt råd og delar kvart år ut midlar frå Norsk Kulturfond. Kulturdepartementet er øvste rådgjevande organ for Norsk Kulturråd. Ein kan søkje støtte i fleire ulike kategoriar og det er ulike søknadfrister. Sjå www.kulturradet.no

Frifond:
Frifond-midla blir administrert av tre paraplyorganisasjonar: Norsk musikkråd, Norsk teaterråd og Landrådet for Noregs borne- og ungdomsorganisasjonar. Dersom organisasjonen / lokallaget ditt er tilslutta ein slik sentralorganisasjon har desse eigne ordningar for tildeling av Frifond-midlar. Du kan også søkje direkte til Frifond. Skjema og retningsliner: sjå www.frifond.no


Tilskot til aktivitetar for barn og andre bebuarar i mottak:
Frivillige organisasjonar kan få tilskot til å fremje meiningsfulle aktivitetar for barn og andre bebuarar i asylmottak. For meir informasjon sjå:  www.udi.no/asylmottak/er-nabo-til-et-asylmottak/tilskudd-til-aktiviteter-for-barn-og-unge/ eller www.imdi.no/tilskudd/tilskudd-til-integreringsprosjekter-i-asylmottak/

Andre tilskotsordningar:
Her finn du informasjon om tilskotsordningane til Oppland fylkeskommune: https://www.oppland.no/om-fylkeskommunen/sok-stotte/

Her finn du informasjon om statlege tilskotsordningar for frivillige lag: www.regjeringen.no/no/dep/kud/tilskudd/tilskudd-til-frivillig-virksomhet/Tilskuddsordninger-for-frivillige-organisasjoner/id2342820/

Her finn du informasjon om statlege tilskotsordninger for barne- og ungdomsorganisasjonar: www.regjeringen.no/no/dep/kud/tilskudd/tilskudd-til-frivillig-virksomhet/tilskudd-til-barn-og-unge-i-2013/id712051/

Sist endret 22.05.2017
Kyrkjevegen 10
Bruflat
2890 Etnedal
postmottak@etnedal.kommune.no
(+47) 61 12 13 00
(+47) 61 12 13 01
Åpningstider
08.00-16.00 (vinter)
08.00-15.30 (sommer)
Org.nr: 933 038 173
Kontonr: 2140.05.00492
Kommunenr: 0541
valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune