Skip Navigation LinksEtnedal kommune > Tjenester

Landbrukskontoret

Produksjonstilskot

Kommunen forvaltar produksjonstilskot i jordbruket. Ordninga omfattar m.a. tilskot til jordbruksareal i drift, husdyr, beiting, økologisk drift og avløysartilskot.

Frå og med 2017 blir søknadsordninga endra. 2017 blir overgangsår med endra søknadsfristar. Det blir som før søknadsfrist 20.01 for disponerte husdyr pr. 01.01 og for avløysartilskot for foregåande år, med utbetaling i juni.. Vidare blir det frist 15.05 med teljedato 01.05 og frist 15.10 med teljedato 01.10, med utbetaling i februar året etter. Frå og med 2018 blir det søknadsfristar 15.03 og 15.10, med ei samla utbetaling i februar påfylgjande år.

Søknad skjer til Landbruksdirektoratet via Altinn.

På Landbruksdirektoratet sine nettsider kan du lese detaljert regelverk.

Regionalt miljøprogram

Foretak som har rett til produksjonstilskot i jordbruket kan søke regionale miljøtilskot for jordbruket i Oppland. Dette er eit sett med miljømessige positive tiltak innan ordinær drift som gjev rett til ekstra tilskot.

Søknadsfrist er 20.08, og skjer via Altinn eller på papirskjema til kommunen.

Vegleiar for ordninga for Oppland.

Generell informasjon om ordninga.

Tilskot til avløysing ved sjukdom

Etter jordbruksavtalen har husdyrhaldarar rett til refusjon av utgifter knytta til innleige av avløysar ved eigen sjukdom. Føresetnad for tilskot er eigen sjukmelding, vidare må avløysarutgifter dokumenterast. Tilskotet blir berekna etter ein dagsats i høve til dyretal, avgrensa av dokumenterte utgifter og med frådrag av eventuelle sjukepengar eller andre løns- eller pensjonsutbetalingar. Søknad om tilskot må leverast kommunen innan tre månader etter siste avløyste dag i sjukmeldingsperioda. Både avløysarlaget og landbrukskontoret kan bidra med dokumentasjon og søknadsutfylling.

SMIL – spesielle miljøtiltak i jordbruket

Det er vedteke tiltaksstrategi for SMIL-tilskot for perioden 2014-2017.
Fleire slags prosjekt er aktuelle for tilskot, sjå fullstendig strategidokument eller kontakt landbrukskontoret for utfyllande informasjon.

Kommunen får tildelt midlar tidleg på våren. Det kan søkast heile året, men behandling av søknader og tilkjenning av tilskot skjer fortløpande når budsjettet er klart inntil ramma er brukt opp.Det kan mellom anna søkast om tilskot innan desse hovudområda:

Kulturlandskap:

  • Rydding og skjøtsel for synleggjering av landskap og restaurering av beiteareal.
  • Gjerding tilknytta slik skjøtsel.

Kulturminner og –miljø:

  • Restaurering / istandsetjing av setermiljø.
  • Verneverdige bygningar.
  • Sikring, istandsetjing og tilrettelegging av kulturminner.

Friluftsliv / tilgjenge:

  • Rydding og skjøtsel langs turstigar og gamle ferdselsvegar.
  • Rydding for auka tilgjenge og sikt til vassdrag.

Søknadsskjema (PDF, 88 kB).

Bygdeutviklingsmidlar (BU-tilskot)

Det er tilgang til BU-midlar for stønad til investeringar i jordbruket og tilleggsnæringar. Midlane vert forvalta av Innovasjon Norge i Oppland. Kommunen vegleiar innan ordninga, hjelper til i søknadsprosessen og ser til at all nødvendig søknadsdokumentasjon blir lagt ved.

Søknad skjer elektronisk via Innovasjon Noreg.

Søknadssenteret vert opna 01.10, og søknad bør skje raskast mogleg etter dette, då tilgjengelege midlar vert tildelt fortløpande til godkjende søknader frå heile Oppland.

Konsesjon

Det er konsesjonsplikt ved erverv av eigedomar med meir enn 25 daa jordbruksareal eller 100 daa totalt areal. Skjøte til Statens kartverk må vere vedlagd positivt konsesjonsvedtak. Søknad om konsesjon vert behandla av kommunen. For slike eigedomar som vert overteke innan nær slekt er ervervet konsesjonsfritt. I gjevne tilfelle vert det utløyst buplikt på eigedomen. For visse andre eigedomstypar er det óg konsesjonsfritt erverv. For konsesjonsfrie erverv må skjema for eigenerklæring om konsesjonsfridom fyllast ut, attesterast av kommunen og vedleggast skjøtet.

 

Detaljert konsesjons- og bupliktsregelverk.

Søknadsskjema for konsesjon.

Eigenerklæring om konsesjonsfridom.

Deling av eigedom

Frådeling eller oppdeling av ein landbrukseigedom kan ikkje bli gjennomført utan samtykke frå kommunen. Dette gjeld uavhengig av om eigedomen er sett saman av fleire registernemningar (gards- og bruksnr.) så lenge desse er på same eigarhand. Slike delingar vert regulert av jordlova. Dersom ei frådeling innebér ein annan bruk av arealet enn det som ligg inne i kommuneplanen sin arealdel, krevst i tillegg søknad om dispensasjon frå plan- og bygningslova. Kommunen gjev vegleiing om søknadsutforming og om kva som kan vere mogleg i høve til lovverket. Dei fleste delingssaker blir lagt fram for politisk behandling i kommunestyret før endeleg vedtak.

 

Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning/søknad om deling.

Regelverk om deling.

Sist endret 30.11.2016
Olav Agnar  Wold

Olav Agnar Wold

Jordbrukskonsulent

Telefon : 61 12 13 41

Mobil : 950 54 564

Send E-post

 

 

Tjeneste (1)
Kyrkjevegen 10
Bruflat
2890 Etnedal
postmottak@etnedal.kommune.no
(+47) 61 12 13 00
(+47) 61 12 13 01
Åpningstider
08.00-16.00 (vinter)
08.00-15.30 (sommer)
Org.nr: 933 038 173
Kontonr: 2140.05.00492
Kommunenr: 0541
valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune