Skip Navigation LinksEtnedal kommune > Tjenester

Gjerder og dyrevelferd!

Det har over tid komme inn meldingar om eit aukande problem med mangelfulle gjerder rundt i kommunen. Dette er til særleg plage for beitedyr i utmark. Både husdyr og vilt blir hindra i beiterekslene sine, dei kan komme til skade eller i verste fall setje seg fast og omkomme innan dei blir sakna.

Sauer - Klikk for stort bilde

Utnytting av beiteressursar er ein viktig del av næringsgrunnlaget for husdyrproduksjonen i Etnedal, spesielt for sauenæringa. Det er derfor uhelding når manglande opprydding og vedlikehald kan resultere i nedbygging av ei slik tradisjonsbunden og viktig næring. Det er grunneigaren sjølv som har ansvaret for at gjerde på sin eigedom.

Mattilsynet, kommune og fjellstyrene i Valdres ynskjer å halde fokus på problemstillingar knytt til gjerdehald. I møte på Slidretun den 29 juni var det einigheit om at vi i 2012 skal samarbeide og ha ei holdnings og informasjonskampanje om gjerdhald.

Mattilsynet viser til Dyrevernslova 2009 og Gjerdelova 1961. Der det blir poengtert at gjerde ikkje skal væra til fare for dyr og folk, og det er heller ikkje lov "legge" ned gjerde utan vidare. Det skal ikkje brukast piggtråd på nytt gjerde, den som er ansvarleg for gjerde skal føre nødvendig tilsyn. Kongen kan gi forbod om fjerning av gjerde, samt unntak frå forbundet mot å bruke piggtråd i gjerde.Matttilsynet skal ikkje væra eit "fystelinjetilsyn" for gjerdhald. Mattilsynet tek seg av akutte tilfeller der dyr er skadde eller der det er stor fare for skadde dyr,og skadar der dokumentert at gjerdeeiger neglisjerer gjerdehald sitt( er varsla om forhold av naboar, sameiger, ålmenningsstyret, beiterettshavere)

Kyrkjevegen 10
Bruflat
2890 Etnedal
postmottak@etnedal.kommune.no
(+47) 61 12 13 00
(+47) 61 12 13 01
Åpningstider
08.00-16.00 (vinter)
08.00-15.30 (sommer)
Org.nr: 933 038 173
Kontonr: 2140.05.00492
Kommunenr: 0541
valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune