Skip Navigation Links(Hjem) > Tjenester

Velkommen til Etnedal skule!
Vi er ein 1 - 10 skule med om lag 170 elevar.

Etnedal skule utvendig - Klikk for stort bilde

Etnedal skule vart bygd i 1965 som sentralskule for heile Etnedal kommune.
I 2004 starta ein omfattande renoveringsprosess som vart avslutta våren 2006.
Skulen er i åra etter dette oppgradert med nytt inventar, utstyr og undervisningsmateriell.
I 2012 sto Etnedalshallen ferdig og denne nyttar vi dagleg. Denne vert no utvida og dette påbygget skal mellom anna gje plass til ein ny og fin ungdomssklubb. Nytt garderobebygg i samanheng med symjebasseng og gymnastikksal vart ferdig i 2013.
Arbeidet med å oppgradere uteområdet pågår og vi ynskjer at dette skal framstå som eit triveleg og trygt område for leik, læring og fritid.

Skulen er organisert med ei klasse på kvart årssteg frå 1.klasse til 10.klasse. Skuleleiinga består av rektor/einingsleiar og undervisningsinspektør. Kontoret har merkantil i full stilling. Lærarane er organisert i tre team med kvar sin teamleiar: småskulesteget, mellomsteget og ungdomssteget. Dei tre teamleiarane utgjer skulens utviklingsgruppe saman med rektor og inspektør.

Skulen framstår i dag som ein moderne opplæringsarena.
Alle klasserom har digital tavle og alle elevar frå
5. - 10. klasse har eigen PC. Dei yngste elevane har også god tilgang på PC og Ipad i læringsarbeidet. Hovudmålet ved skulen er nynorsk.

Kart
Etnedal Skule, Espelibygde 566, 2890 Etnedal
Sist endret 28.03.2017
Jan Arild Berg

Jan Arild Berg

Rektor

Telefon : 61 12 18 01

Mobil : 905 21 507

Send E-post

 

 

Kyrkjevegen 10
Bruflat
2890 Etnedal
postmottak@etnedal.kommune.no
(+47) 61 12 13 00
(+47) 61 12 13 01
Åpningstider
08.00-16.00 (vinter)
08.00-15.30 (sommer)
Org.nr: 933 038 173
Kontonr: 2140.05.00492
Kommunenr: 0541
valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune