Dugnad på Etna Mølle

lørdag 13. juni 2020, 10.00 - 16.00

Informasjon

Velkomen til ein triveleg dag på mølla! Vi held fram med rydding og vedlikehald, for å legge til rette for meir aktivitet og bruk framover. 

Oppgåver:

Utstyr som trengs:

Slå gras

Klyppe ned busker og kratt

Samle greiner og buskas

Skrape måling – bustadhuset

Rydde i uthuset

Koste og rydde inne på mølla

Rydde ute

Køyre vekk søppel og skrot

Bygningsvedlikehald

Skru ned øydelagde takrenner

Flytte materialstabelar

Servere mat og kaffi

Kantklyppar/ljå

Klyppesakser

Motorsag(er) og/eller handsag

Øks

Malingsskraper

Feiekost

Bil med henger, eller moglegheit til å bruke henger

 


Av omsyn til smittevern og planlegging, ynskjer vi at du melder deg på til kulturkonsulent Nina E. Grønbrekk, e-post nina.gronbrekk@etnedal.kommune.no eller tlf. 997 34 196 – gjerne med informasjon om kva du kan ta med og kva for oppgåver du ynskjer å bidra med. Jan Arild Berg leiar arbeidet ute, og kan også kontaktast, tlf. 905 21 507.

Det blir servering av mat og kaffi, organisert slik at vi følgjer smittevernråd. Ta med campingstol.

Arrangørar: Etnedal kommune, Vennelaget for Etna mølle og Verne-Vøla

Sted

Etna Mølle
 

Kontakt

Legg til hendelsen i din kalender