Skriveverkstad for deg mellom 13 og 19 år

tirsdag 8. desember 2020, 16.00 - 18.30

Informasjon

Kreativ skriving 

Korleis kan du bruke skriving til å lære noko nytt om deg sjølv og verda rundt deg? 
Korleis skrive tekstar som forundrar, provoserer, bryt grenser eller trøystar? 

Gløym tentamen og innleveringsoppgåver. Gløym grammatikk, sjangerlære, marg og rettskriving. 
I kreativ skriving er ingen ting feil. 
Gjennom ulike øvingar skal vi leike med språket og sleppe skrivegleda laus. 

Alice Gudheim frå Øystre Slidre skal leie verkstaden. Ho er utdanna tekstforfattar frå Westerdals Reklameskole, og har arbeidd som journalist og frilans skribent. I 2018 ga ho ut boka Huset i lag med fotograf Anne Marte Før. 

Stad:     Etnedal folkebibliotek
Tid:        Tysdagane 24. november, 1. desember og 8. desember
Kl. 16.00-18.30

Vi ordnar papir og blyant, men ta gjerne med din eigen PC og/eller skrivebok viss du har. 
Vi startar med mat, har frukt, te og drikke tilgjengeleg, og tar pausar når det trengst.

Påmelding innan 20.11.: Send e-post, sms eller ring kulturkonsulent Nina Grønbrekk: nina.gronbrekk@etnedal.kommune.no, tlf. 61 12 13 45/ 997 34 196

Smittevern: Vi følgjer kohortprinsippet, slik at elevar frå vidaregåande og ungdomsskulen må halde god avstand. Det same gjeld dei vaksne. Blir det mange påmeldte og for liten plass på biblioteket, tar vi i bruk kafélokalet på kommunehuset. Alle som deltar må vera friske.

Skriveverkstaden er eit samarbeid mellom Etnedal ungdomsråd, biblioteket og kulturkontoret i Etnedal kommune, med støtte frå UKM Innlandet.

Sted

Etnedal folkebibliotek
 

Kontakt

Legg til hendelsen i din kalender