Egil Martin Kurdøl og Marit Arnekleiv: Møller landhandel i Etnedal - Lokalhistorie og ballong-kunst samt andre kunstprosjekt

onsdag 27. oktober 2021, 18.00 - 20.00

Informasjon

Møller landhandel i Etnedal – lokalhistorie og ballongkunst

"Beliggenheten i randsonen mellom sivilisasjon og natur" gjorde at kunstnarane Marit Arnekleiv og Egil Martin Kurdøl fatta interesse for Møller landhandel i Etnedal. Saman med professor i sosialt arbeid ved Høgskolen i Innlandet, Hans-Jørgen Wallin Weihe, kjem dei til Etnedal folkebibliotek for å fortelja om kunstprosjektet "Overhopp".

Kunstnarane ynskjer å koma i kontakt med folk som har ein relasjon til staden, slik at dei skal kunne setja bygningen i samanheng med lokalhistorie og folk sine minne og lokale kunnskap. Arbeidet med Møller-butikken er del av eit kunst- og bokprosjekt, som mellom anna skal vera basert på intervju med folk i bygda. Bygningen har mista sin funksjon som butikk og møteplass, og kan vera eit bilde på eit samfunn i forandring.

Marit Arnekleiv og Egil Martin Kurdøl vil også fortelja litt om andre kunstprosjekt dei har arbeida med.

Foredraget er ein del av Kulturdagatn. Velkomen til ein interessant kveld på biblioteket!

Sted

Etnedal folkebibliotek
 

Kontakt

Legg til hendelsen i din kalender