Etnedal rundt på ei helg
lørdag 29. juli 2023 09.00 - søndag 30. juli 2023 17.00
Butikkar, bedrifter, gardar, lag og foreiningar opnar dørene og lagar fest der dei er. Dette er helga der ein verkeleg kan oppleva alt Etnedal har å by på – frå nord til sør.
Alternativ til Etnedalsdagane
På grunn av rehabilitering av Lykkje bru, som er hovudåtkomst til Etnedalshallen, er det ikkje mogleg å arrangere dei tradisjonsrike Etnedalsdagane i år. Som eit alternativ går Etnedal husflidslag, vennelaget for Blåflat gard og Etnedal Utvikling saman om konseptet «Etnedal rundt på ei helg».
Det blir salsutstilling av lokalmat og handverksprodukt på Blåflat gard. Husflidslaget organiserer marknad og utstillarar, og står for loddsal med mange fine premiar. Blåflat gards venner sørgjer for opplevingar, mat og drikke.
Opplevingar i heile Etnedal
Elles opnar bedrifter, lag og foreiningar dørene sine og held aktivitetar i heile dalen. Har du idear til aktivitetar? Send e-post til Etnedalutvikling@gmail.com. Då blir du teikna inn på aktivitetskartet, som viser alle stader du kan besøke i dalen.
Kontakt
Legg til hendelsen i din kalender