Dører og glas frå Liahaugen gis bort!

Dører og glas frå Liahaugen gis bort! Er du den rette eigaren?
Send oss ei melding! På slutten av 1990-talet vart det take ned eit hus på Liahaugen, ein tidlegare husmannsplass under Nørre Lunde. Tanken var å seta opp att huset, men det vart ikkje realisert. 

Nokre dørblad og vindauge ser ut til å vera det einaste som er att. Vil du ha dei? Då må du sende ein e-post til nina.espeseth.gronbrekk@etnedal.kommune.no med ei god grunngjeving for at akkurat du er den rette eigaren. Vinnaren blir kåra av Etnedal kulturråd den 2. september.

Sju glas: 100x150 cm.
Fem dørblad:
86x194 cm. – tre stk.
87x187 cm.
81x183 cm.
Follum tresliperi (seinare Follum fabrikker) kjøpte Nørre Lunde i 1889, og då følgde Liahaugen med. Brukaren betalte leige til Follum. På karmen på det eine vindauget er namnet Anton Lybek skreve med blyant, truleg fordi han som skogbestyrer ved Follum bestilte materiala til nye glas og dører i huset. Det skjedde truleg omkring 1920 – men dette er det sikkert fleire av Etnedal kommune sine Facebook-følgjarar som veit noko om.
Bygningsdelane har samla støv i om lag 20 år, men det ser ut til at kvaliteten er god og at treverket har halde seg bra. Det meste av glaset er intakt. Dørene og glasa har hatt gode lagringstilhøve.

Klikk for stort bildeKlikk for stort bilde