Fagtur til Vågå/Lom 1. til 2.nov 2021 Investering i driftsbygning for mjølkeku – idear og meiningsutveksling

Vil du vera med på ein fagtur til Gudbrandsdalen for å få idear til investering i driftsbygning for mjølkeku. Kanskje står du føre ei planlegging for overgang til lausdrift. Då lurer du truleg på om du kan utnytte eksisterande bygningsmasse? Kva type mjølkingsopplegg skal veljast? Foringsopplegg? Korleis bør eg gå laus på ein prosess med planlegging og gjennomføring? Dette og meir til blir tema på fagturen. Vi legg og vekt på at turen får eit sosialt preg.

  Gabi Becker  

 Buss frå Valdres

  • Start i Etnedal ca. kl. 08.30 (måndag 1.nov.)
  • Påstigning langs ruta Bruflat – Bjørgo – Fagernes – Beitostølen (vi vil plukke ut plassar for stopp).
  • Ankomst Lom ca. kl. 12.00
  • Retur (tysdag 2.nov), med ankomst Bruflat i god tid før kl 16.

Førebels program:
Gardsbesøk Lom

  • Svanhild Lyngved     (1.nov)
  • Hans Erik Kolden      (1.nov)

Fagmøte Vågå Hotell  - ca. kl. 16.

  • Kristin Smågård – Laus ku med framtidstru (prosjekt i Lom/Skjåk)
  • Lars Erik Ruud – Innlandsfjøset (lausdrift på små og mellomstore mjølkebruk)

Middag kl. 19

Overnatting Vågå hotell m/frokost

Fagmøte (2.nov)

  • Sigurd Eggen, NLR - Plantedyrking i Ottadalen og dei naturgjevne tilhøva.
  • Du skal også få høyre litt om kva agronomi kan bety for planar om investering i driftsbygningen.

Gardsbesøk Lom

  • Kristian Kjæstad        (2.nov)
  • (Tiltak for å møte krav om 2024)      (2.nov)


Eigenandel

Denne fagturen blir sponsa med prosjektmidlar (Utviklingsmidlar, Innlandet fylkeskommune). Avhengig av kor mange som blir med må du pårekne ein eigenandel på maksimalt kr 500 per person for buss, fagmøter, og overnatting.

Påmelding

Påmeldingsfrist måndag 25 okt. til tlf 61352523 eller på epost til

gustav.fystro@oystre-slidre.kommune.no

Arrangør:

Valdreskommunane og lokale faglag i samarbeid med Innlandsfjøset og NLR

  • Prosjekt: Mobilisering for investering i driftsbygningar i Valdres
  • Prosjekt: Framtidstru i Valdres-landbruket
  • Prosjekt: Innlandsfjøset

Litt om gardsbesøka vi skal på:
Gardane vi skal besøke ligg i Lom. I området har dei mange av dei same utfordringane som vi har i Valdres. Dei som har bygd har gjerne utvida til opp mot 30 liggebåsar eller høgare. Dei har stort sett gått over til robot. Dette vil du også sjå på gardsbesøka (robot og omkring 30 mjølkekyr), men vi har valt bruk som på ulike måtar har gjort grep som kan gje opningar for å ta i bruk eksisterande bygningsmasse og andre kreative løysingar. Dette opnar for å ta ned kostnadar og har interesse for ombygging/nye mindre fjøs. Vi vil i fagmøta adressere dette og diskutere alternativ for mjølkingsopplegg/mekanisering/bygningsmasse, og med mål om kostnads-reduksjon/kontroll.

Svanhild Lyngved

  • Ombygging i 2019.
  • Vi er spesielt interesserte i bruken av eksisterande bygningsmasse før ombygginga, og løysinga for dette.
  • Prosess og motivasjon.
  • Kva kunne gjerast med eigeninnsats.
  • Driv med støling.

Hans Erik Kolden

  • Bygd mjølkeavdeling i 2020 inntil gamalt.
  • Planlegg no bruken av gamlefjøset, og vi vil ha eit fokus på dette.

Kristian Kjæstad

  • Tilbygg til eldre lausdriftsfjøs
  • Foringsopplegget her er kreativt
  • Areal-utnytting på gamalt

Tilpassing til 2024-krav

  • Vi arbeider med eit besøk for å diskutere problematikk knytt til dyrevelferds-krav 2024. Kalvingsbingar og lufting.