Fengjande og fascinerande med Driv

Klikk for stort bilde«Neste år kan det vera du som står på denne scena», sa Silje Onstad Hålien i introduksjonen til førestillinga «Driv», som vart vist for ungdomsskuleelevane i Etnedal tysdag.

Det var i grevens tid at ungdomane Julian Steinsrud, Ingeborg Onstad, Halldor Grøndalen, Neri Bakken, Frederick Brevig Jacobsen, Solveig Eide Grønningsæter og Ånund Meberg Myhren fekk vist fram den gripande konsert- og danseførestillinga på ungdomsskulane i Valdres.

Til inspirasjon

Nokre dagar etterpå var skulane stengt på grunn av faren for korona-smitte. Men «Driv» var ei kulturell oppleving mange vil ta med seg heim – og inn i ein spesiell periode i ein vanlegvis aktiv kvardag. Enten dette var det fyrste møte med norsk tradisjonsdans og -musikk, eller om det framkalla gjenkjenning, fenga musikken og dansen elevane frå fyrste stund. Førestillinga er resultatet av kurset «Konsertproduksjon» under Strunkeveko sumaren 2019, der Silje Onstad Hålien og Andreas Skeie Ljones var instruktørar. Sist veke var gruppa på turné på ungdomsskulane i Valdres.

Strunkeveko

Det var eit lydhøyrt publikum som i løpet av førestillinga fekk oppleva tonar frå fele, langeleik, munnharpe og toradar, i tillegg til klokkeklar song av Ingeborg Onstad. Dansen bidrog til sterk formidling av historier og stemningar, tufta på tradisjon men likevel dagsaktuell.

Strunkeveko vart etablert i 1998, og er i dag det største sommarkurset i folkemusikk og -dans i landet. Det er eit vekeskurs for barn og ungdom mellom 11 og 20 år, med Merket i Tisleidalen i Nord-Aurdal som kursstad. På Strunkeveko får du kyndig kursing av dei beste lærarane, i alt frå toradar og hardingfele til hallingdans og pardans. Frå du er 16 kan du også delta på kurset i konsertproduksjon.

Klikk for stort bilde Klikk for stort bilde