Møtet starta med innleiing ved kommunens jordbrukskonsulent Olav Agnar Wold der han var viste til aktualiteten bak følgjande tema:
· Jamnlege hendingar og tiltak rundt Etna siste ca. 70 år:
o Kanalisering 1950-åra
o Senking 1990-åra
o Større flaumar med masseforflytting
o Nedgang i fiskeførekomst og -kvalitet
o Reduksjon i kvalitet på våtmarksområde
o Ynskjer om restaurering av våtmarksområde og -biotopar
o Masseopphopingar og auke i grunn-nivå gjev raskare oversvømming og seinare / mindre drenering av jordbruksareal
o Kraftutbygging kjem og går på agendaen.
· Varierande og evt. motstridande ynskjer om kva som skal skje med Etna vidare
o Tiltak som vart gjennomført tidlegare er kanskje ikkje optimalt i dag.
· Statlege føresegner om kva og korleis tiltak kan søkast om og gjennomførast, krav om utgreiingar og heilskapleg oversikt.
o Fleire instansar å forhalda seg til
o Tilskot til gjennomføring, men også krav til heilskapleg konsekvensvurdering
· Politiske ynskjer
Ordførar Linda M. Robøle fortsette innleiinga med fokus på politiske prioriteringar og avvegingar, som ho seier er både omfattande og samansett. Etna på den politiske dagsorden vil handle om båe beredskap, flaumdemping, skadeførebygging, natur- og verneverdiar, fiske, reise- og friluftsliv, landbruk, grunneigarinteresse og spørsmål om kraftutbygging. Først og fremst er det viktig å avklare kva vi vil med Etna framover, og korleis vi skal handtere dette – i fellesskap.
Ulike ynskjer rundt Etna si framtid kan vere motstridande. Etna er varig verna mot kraftutbygging, men det diskuterast likevel om det er mogleg med til dømes mikrokraftverk som ikkje truger verneverdiane. Lokalpolitisk er meiningane delte, og kommunen ynskjer meir kunnskap før eventuelle avgjersler blir teke.
Etna har hatt stor betydning for landskapet og jordbruket i området, men kanaliseringa har hatt både positive og negative konsekvensar. Fordelane inkluderer flaumforebygging og auka jordbruksareal, medan ulempene kan vere skade på økosystemet. Med aukande klimautfordringar og meir ekstremvêr ser kommunen behovet for tiltak som kan balansere mellom jordbruk, naturvern og flaumforebygging. Derfor er målet for møtet; «samhandling og felles forståing» - viktig og avgjerande.
Møtet heldt fram med eit innlegg frå Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, presentert av Heidi Eriksen (miljørådgjevar) og Tore Leirvik (prosjektleiar). Dette omhandla om moglege tiltak og prosess for gjennomføring.
Avisa Valdres
Dei gjekk gjennom følgjande tema i sin presentasjon:
· NVE si rolle
· Miljøeffektar av flaumsikring – resultat frå eit forskingsprosjekt
· Masseuttak som flaumsikring – har det nokon effekt?
· Korleis sikre mot flaum og samtidig ta vare på naturverdiane?
Dei byrjar med å presisere at vassdraget primært er eigd av grunneigarane, dersom ikkje anna er oppgitt, og viser til Vannressursloven §13 om grunneigar sin rådigheit, men at ein ikkje må gløyme å søkje om løyve.
Illustrasjonen nedanfor er frå presentasjonen og viser overordna oversikt over NVE si rolle:

NVE har ulike karttenester som skal bidra til eit auka kunnskapsgrunnlag rundt utfordringar knytt til vassdrag. Det er også utarbeida ei rekke vegleiarar av NVE som er tilgjengelege på heimesidene deira (www.nve.no).
NVE bidreg i hovudsak med kompetanse, ulike hjelpemiddel og tilskot ut til kommunane. NVE må prioritere dei samfunnskritiske tiltaka først, og i område der dyrka mark aleine er i utsett, blir tiltak derfor oftast nedprioritert. NVEoppfordrar grunneigarar til å samle seg, kontakte kommunen og jobbe saman for å få eit heilskapleg bilete av situasjonen.
Når det gjeld kanalisering og utretting av vassdrag er NVE klare på at dette har sterk negativ effekt på det biologiske mangfaldet, og er gjerne ikkje den beste måten å flaumsikre på. Masseuttak/senking er av erfaring lite varige tiltak i følgje NVE, og er lite eigna som flaumførebygging. Det er også ein metode som er ugunstig for miljøet i elva, og sjølv om dette var vanleg før, vil NVE ikkje tilrå slike tiltak no i dag.
NVE har utarbeida ein rapport om temaet: NVE ekstern rapport 22 / 2024: Miljøeffekter av flomsikring (PDF, 6 MB)
Tradisjonelle flaumvollar, slik som langs Etna, gir ofte eit stort grunnvasstrykk som kan føre til store skadar og negative effektar på jordbruksarealet på andre sida av vollane. Tilbaketrekte flaumvollar er betre, kombinert med heving av dyrka mark. NVE har fleire døme på at dette gir betre resultat.
Gamle dreneringsgrøfter må også takast med i reknestykkje. Naturlege prosessar som skjer i jorda etter drenering av myrlendt areal kan overtid føre til at drensgrøftene ikkje fungerer om dei skal. Kva som må til, og som er mogleg av ulike tiltak bør kartleggast og utgreiast i heilskap for Etna. Det er mogleg å lage reguleringsplan for Etna, med ulike tiltak og vedlikehaldsplanar.
Kantsoner er også eit relevant tema, då mange meiner at det er behov for tiltak. NVE er klare på, i samråd med Fylkeskommunen og Statsforvaltaren at kantsoner kan skjøttast. Vernet av Etna er ikkje til hinder for dette. Kantsoner skal ikkje flatehoggast, men plukkhogst for å få ein god suksesjon er både tillate og viktig. Skjøtsel av kantsoner der det er flaumforbygging er særleg viktig, for å hindre at store tre fører til skade på flaumvollane.
Kantsonemiljø er bra for det biologiske mangfaldet. Paragraf 11 i vannressursloven seier noko om reglane for kantsonene. Det er nok ikkje vernet som har gjort til at kantsonene har grodd att, det er heller ein generell endra skjøtselspraksis.
Generelt er det tilrådd å kontakte kommunen før ein sett i gang med skjøtsel, for å samrå og avklare forholda.
Etter at NVE var ferdig med sitt innlegg prata Mari Olsen frå Statsforvaltaren og Ane Dorthea Nordlie frå Fylkeskommunen om søknadsplikt og reglane rundt tiltak i og langs vassdrag.
Foredraget kan du lese her.
Ofte er det slik at både, Fylkeskommunen, Statsforvaltaren og NVE skal inn og vurdere ein søknad – i tillegg til kommunen, særleg når det gjeld tiltak i samband med verna vassdrag.
Ta kontakt med kommunen for samråing, dersom det er ynskje om å gjennomføre eit tiltak i eller langs Etna og sidevassdrag.
Når det kjem til vassmiljø og god vass- og miljøkvalitet heldt Håvard Lucasen frå Randsfjorden Vannområde eit innlegg om kvifor vi må ta vare på vassmiljøet. Sjå innlegget her. (PDF, 789 kB)
Eit godt vassmiljø er viktig for helse, hygiene, tilgang på drikkevatn, jordvatning, fiske, rekreasjon, friluftsliv og ikkje minst kulturhistorie. Dette er grunnar til at vi BØR ta vare på vassmiljøet vårt. Vannforskriften stiller krav til at vi MÅ ta vare på vassmiljøet. Vi kan ikkje velje å ikkje ta vare på vatnet vårt, og det gjeld både kvaliteten på sjølve vatnet, men også miljøet og livet i og ved vatnet.
Etna, spesielt i Sør-Etnedal, har redusert miljøtilstand på grunn av dei fysiske tiltaka som er gjennomført her. Denne delen av elva er klassifisert som ein sterkt modifisert vassførekomst, og målet er å beskytte elva mot ytterlegare forringelse og betre forholda i og langs vassdraget med sikte på at Etna når sitt best moglege økologiske potensial. Det er ikkje forventa full tilbakeføring til naturleg tilstand, men gjennomføring av biotopforbetrande tiltak som ikkje går vesentleg utover jordbruket.
Geir Høitomt frå Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter(DNV) viser i sin presentasjon (PDF, 5 MB) bilete av artar som er knytt til vassdraget som er på norsk raudliste. Desse er det viktig å ta vare på, og sikre at livsmiljøa dei er avhengige av er tilstade, og ikkje blir øydelagd.
Slik som elvemuslingen, som var ein vanleg art i Etna før. Fiskebestanden og forholda i elva er for dårlege til at den klarar å rekruttere her lenger. Det er andre artar som er knytt til kantareala, slik som svartgubbe, dette er gjerne artar som er avhengige av at arealet er flaumpåverka. Veldig mange artar er knytt til dei små vassmiljøa som høyrer med eit naturleg meandrerande vassdrag, og blir meir sårbare når elver blir kanalisert.
Å oppretthalde og/eller restaurere slik flaumpåverka areal er svært viktig for naturmangfaldet, og er ikkje nødvendigvis i konflikt med jord- og skogbruk. Riktig skjøtsel og bruk av våtmarksmiljø kan gjere jordbruksarealet betre. Referanseprosjekt i Nordre Land, der fangdammar har vorte restaurert. Vinn vinn-situasjon som gir betre biologisk mangfald, og dammane fungerer som drenering.
Avslutningsvis summerte Olav Agnar opp møtet med å vise til at konklusjonen er at ei heilskapleg utgreiing må uansett til, dersom ein skal gjere store tiltak som utløyser søknad om konsesjon. Når kommunen og/eller grunneigarar vil gjennomføre tiltak må det vere tilstrekkeleg utgreidd på førehand med ei omfattande konsekvensanalyse. Dette er utfordrande både når det kjem til økonomi og kunnskap/kompetanse og tid.
Grunneigarmedverknad og -initiativet må vere der, og det er viktig at grunneigarar samordnar seg. Kommunen oppmodar til at Etna grunneigarlag startar eit samarbeid, gjerne med Etna elvelag og Etnedal jeger- og fiskerforening involvert.