Håpar på UKM-vår

Det blir ikkje UKM som vanleg i år, verken i Etnedal, Valdres eller i reisten av landet. Både landsfestivalen og fylkesfestivalen, som deltakarane på UKM vanlegvis kan bli sendt vidare til, er avlyst i sin vanlege fysiske form. Men ungdomane i Etnedal tar sikte på å arrangere sin eigen «lokalfestival» til våren!

At det ikkje ville bli regional kulturmønstring på Fagernes i 2021 vart bestemt i haust, og vi hadde derfor planar om eit «mini-UKM» i Etnedal, slik at vi kunne sende daltakarar vidare til fylkesfestivalen. Når det no er kjent at det ikkje blir nokon vidaresending i år, kan vi laga vår eigen vri, på eit tidspunkt som er meir «korona-venleg». Ungdomsrådet har bestemt at vi tar sikte på våren, og at ungdomane då får forme sitt eige kulturarrangement.

Digital fylkesfestival

UKM Innlandet arbeider med ulike tilbod for ungdomane i fylket, sjølv om den vante fylkesfestivalen er avlyst. 22-25. april blir det felles digital festival for heile Innlandet. Alle mellom 13 og 20 år kan delta, og det blir fokus på prosess og utvikling/inspirasjon hjå dei enkelte utøvarane. Festivalen vil derfor bestå i digitale workshops, masterclasses og opplegg for inspirasjon og læring innan alle sjangrar som normalt er ein del av UKM.

UKM Innlandet skriv i informasjonen til kommunane at dei i tillegg vil vi jobbe for å kunne tilby meir spesialtilpassa tilbod til utøvarar på seinare tidspunkt gjennom året, som ein form for «vidaresending» frå kommune/lokalt nivå til eit fylkestilbod. Det kan til dømes vera studioinnspilling for band eller praksis på konsertar for arrangørar.

Vårtreff for ungdom i Etnedal

UKM står for Ung Kultur Møtes, og konseptet er hundre prosent avhengig av ungdomar mellom 13 og 19 år. Det er dei som skal forme den lokale varianten av UKM, med hjelp frå vaksne. UKM er ungdomskultur, og den kjenner ungdomane best. Her er nokre stikkord for kva UKM kan innehalde: Musikk i alle sjangrar og med alle typar instrument – dans – teater – stand-up – konferansier/programleiar – marknadsføring – grafisk design – registrering og organisering – pynting – scenearbeid – teknisk hjelp – kunst og handverk, f.eks. bilde, skulpturar, tekstilhandverk, trearbeid – noveller – dikt – film – og anna som ungdom i Etnedal driv med.

Vil du vera med på å forme eit vårleg UKM i Etnedal? Då kan du ta kontakt med ungdomsrådet eller kulturkonsulenten i kommunen. I ungdomsrådet er det Sina Fagernæs, Karoline Stubbene og Katrine Telstø som har UKM-ballen. Elles får du tak i kulturkonsulent Nina E. Grønbrekk på tlf. 61 12 13 45 eller 997 34 196, eller e-post nina.gronbrekk@etnedal.kommune.no.