Kommunane i Valdres inviterer til ein spennande fagdag om plan- og bygningsloven

Plan- og bygningsloven sett rammene for korleis kommunen som planmyndigheit kan forvalte areal, og den styrer ein stor del av samfunnsutviklinga. Det å forstå lova og forvaltninga av denne er viktig for å få gode arealplanar og effektive planprosessar.
Fagdagen er i hovudsak retta mot noverande(og framtidige) politikarar og administrasjonen i dei respektive kommunane, men den er og særs aktuell for ulike interesseorganisasjonar, utviklarar og entreprenørar i regionen eller grunneigarar som har planar om framtidig utvikling av eit område.

Stad: Fagernes kulturhus(kinosalen)
Dato: Fredag 9. september
Kl. : 0900 - 1500
Påmelding innan 5. sept. til: post@vang.kommune.no
(merk påmeldinga med «Fagdag»)
Arrangementet er gratis. Servering av lunsj og kaffe.

Kommunane inviterer til plandag på Fagernes 9 sept (PDF, 167 kB)