Museumsdagar for og med etnedøler

Helga 20-21 juli er det tradisjonelle Etnedalsdagar på Valdres Folkemuseum. Då er det liv i Etnedalshusa, Flatigarden og Prestøyen. Handverkarar viser og sel gjerne av sine produkt, historia til husa blir fortald - og det er mykje å sjå og oppleva på museet.

Vil du vera med som Etnedalsambassadør på museet til helga? Ta kontakt med Ingun Kompen, leiar i Etnedal kulturråd, på tlf. 909 40 155. Ta gjerne med handverksprodukt for sal eller ein aktivitet å vise fram.

 Klikk for stort bilde