Restaureringstiltak langs den kanaliserte delen av elveløpet - Etna

Etna 1947 - Klikk for stort bilde Etna 2016 - Klikk for stort bilde 10. april hadde Etnedal kommune, saman med Fylkesmannen i Innlandet, NVE og Dokkadeltaet Våtmarkssenter, informasjonsmøte for grunneigarar langs Etna frå Lundebrua til Høljarast. Møtet omhandla moglege restaureringstiltak langs den kanaliserte delen av elveløpet.

Møtet omhandla moglege restaureringstiltak langs den kanaliserte delen av elveløpet.

Kanaliseringa gjennom Sør-Etnedal som vart utført på 1950- og delvis 1960-talet gjorde Sør-Etnedal til bygdas beste jordbruksområde. Kanaliseringa har derfor hatt stor betydning for næringa i Etnedal. Prosjektet med restaurering av Etna skal på ingen måte vere i strid med jordbruket, målet er at dette skal vere vinn-vinn for alle.

Prosjektet skal omhandle nokon utvalde stader der ein skal sjå på moglegheiten for å tilbakeføre nokon meanderløp, opne opp ein og anna kroksjøar og/eller flytte forbygningar, og dermed forbetre forholda slik at det gangnar det biologiske mangfaldet utan at det går ut over landbruket.

Dokkadeltaet Våtmarkssenter har på oppdrag frå Fylkesmannen i Innlandet utført eit forprosjekt som viser kva restaureringstiltak som er moglege å få til. Det er ein føresetnad at grunneigarane er viljuge til å la dette skje på sin eigedom der det er aktuelt. I tillegg er det andre småprosjekt som kan køyrast parallelt med dette, som til dømes utsetting av steingrupper og utlegging av gytegrus eller liknande. Fylkesmannen oppfordra kommunen til å opprette ei prosjektgruppe for å sjå på dette i saman med aktuelle lag, foreningar og grunneigarar.

Dersom det er spørsmål rundt prosjektet, ta gjerne kontakt med kommunen.