Oppdatert status for ulveforekomst i Etnedal

Det har i helgen blitt funnet et nytt sauekadaver på Ølslykkja. Statens naturoppsyn (SNO) har dokumentert søndag 15/7 at det er tatt av ulv. Sauen ble tatt for ca. ei uke siden, omtrent samtidig med tidligere registrerte kadaver.

På ettermiddagen måndag 8. juli vart det oppdaga tre sauekadaver på Ølslykkja. SNO vart tilkalla og konkluderte med at sauene var tekne av ulv. Same kveld fekk kommunen innvilga fellingsløyve på éin ulv i området Etnedal – Nord-Aurdal – deler av Sør-Aurdal.

Kommunen sitt rovviltjaktlag gjorde søk måndag kveld, utan resultat. Tysdag vart det gjort søk med kadaverhund, utan at fleire kadaver vart funne.

4. juli var ein ulv fotografert av eit viltkamera plassert i Aurdal. Utanom dette biletet og kadavera på Ølslykkja er det førebels ikkje fleire spor etter rovdyret. Dermed vert det ikkje gjort fleire søk før det er meir handfast å gå etter.

Kommunen tek gjerne imot tips om moglege spor på beitevakttelefonnr. 902 11 677 eller sentralbord tlf. 61 12 13 00.