UKM - Etnedøler på scena laurdag

Laurdag er det klart for årets utgåve av UKM (Ung Kultur Møtes) på kulturhuset på Fagernes, og Etnedal er representert med to sceneinnslag. Nytt i år er at det er gratis å vera publikum for alle under 20 år.  

UKM står for ”ung kultur møtes”, og er ein liten kulturfestival for og med ungdom mellom 13 og 20 år. Mira Bykova og Katrine Telstø (begge 14 år) er påmeldt frå Etnedal, med kvar sine innslag. Eit knippe av deltakarane blir plukka ut til å bli med vidare til UKM fylkesfestivalen på Lillehammer i slutten av mars, og seinare til landsfestivalen til sommaren. Men framfor alt er UKM Valdres ein unik moglegheit til å stå på ei scene framfor eit stort publikum, der ungdomane også står for mykje av den praktiske organiseringa og tilrettelegginga rundt arrangementet.

For publikum er UKM staden å oppsøkje for å bli kjent med det unge kulturlivet i Valdres. Billettar får du kjøpt her: www.fagerneskino.no

UKM Valdres finn du også på Facebook: https://www.facebook.com/ukmvaldres/

Velkomen!