Vedteken kommunedelplan for kultur og fritid

«Kulturen skal løfte og lede etnedalssamfunnet inn i framtida.» Slik er visjonen for kulturarbeidet i kommunen, vedteke som ein del av Kommunedelplan for kultur og fritid 2022-2030. Kommunestyret sluttbehandla planen i sitt møte 23. juni 2022, etter at planforslaget hadde vore på høyring og offentleg ettersyn. Planen løfter kulturfeltet som ein del av samfunnsutviklinga, og gir nokre svar på kva kulturen kan bidra med for å styrke Etnedal som attraktiv kommune. Samarbeid mellom ulike fagfelt og kommunale tenester er ein føresetnad for å nå målsetjinga, og for å kunne arbeide med kulturfeltet på ein slik måte.

Med eit tverrfagleg og heilskapleg blikk, har vi valt ut tre perspektiv som vi løfter spesielt, med trivsel og bolyst som ein raud tråd:

  • Friluftsliv med opplevingar for alle
  • Kultur og idrett som møteplassar
  • Kultur og kulturarv som ressurs i bygdeutvikling

Kva bidrar kulturen med i lokalsamfunnet vårt? Kulturen gjev etnedølane livskvalitet og tilhøyrsle. Kulturen bidrar til at innbyggjarane møter andre, har meistringsopplevingar i kvardagen og at dei kjenner ei forankring til lokalsamfunnet sitt. Kulturen kan i enno større grad enn i dag synleggjerast, slik at kommunen blir oppfatta som ein attraktiv plass å bo. Vår overordna målsetjing kan vi formulere slik:

Kultur- og fritidstilbodet i Etnedal skal vera synleg, tilgjengeleg og inkluderande, og bidra til trivsel for alle som bor her eller reiser hit.

Vil du lesa om korleis vi skal nå målsetjinga og strekke oss etter visjonen, finn du dokumentet her:

Kommunedelplan kultur og fritid_vedtatt 23.6.2022 (PDF, 7 MB)