Vil du søkje om Drømmestipendet?

100 stipend a kr 15.000 blir i mai/juni delt ut til kulturutøvarar frå heile landet. Det er no opent for å søkje om å bli nominert til Drømmestipendet i Etnedal kommune. Me treng følgjande informasjon: namn, adresse, kva år du er født, telefonnummer og e-postadresse.

Klikk for stort bilde 

Her er dei ulike kategoriane du kan søkje i; dans, musikk, teater, skapande skriving, sirkus, visuell kunst og anna. Du må ha eit bilete av deg i breiddeformat, ei beskriving av deg sjølv og draumen din (viktig!), og du må sende med dokumentasjon som td kan vera ein link til Youtube eller andre opplastingsplassar. Du treng ikkje vere elev i Etnedal kulturskule for å søkje, men du må vere født tidlegast i år 2000 og seinast i 2007. Her er link til Drømmestipendet, sjå gjerne på tidlegare innsendte søknadar: https://www.drommestipendet.no/

Søknad skal sendast til Bente Hemsing, bente.hemsing@etnedal.kommune.no innan 9. januar 2010.