Skule- heimsamarbeid i Skooler

Etnedal kommune brukar læringsplattforma Skooler til pedagogisk arbeid og samarbeid med heimen. Elevar og føresette kan logge inn og få oversikt over mellom anna vekeplaner, fråvær og merknadar.

Elevane loggar inn på https://skooler.etnedal.kommune.no Brukarnamn og passord får dei på skulen. Føresette loggar inn på https://foresatte.etnedal.kommune.no/ 
Ein kan også bruke appen Skooler Foresatt på mobil eller nettbrett.
Både i appen og via nettsida kan føresette kommunisera med kontaktlærar.
Skulen kan også sende fellesmeldingar til føresette.

Klikk for stort bilde

 

 

Slik lastar du ned appen

Last ned Skooler Foresatt appen til telefon eller nettbrett.
I App Store/Google Play søkjer føresette opp "Skooler Foresatt".
Klikk for stort bilde

 

Slik loggar du deg på appen

Søk etter den Etnedal i søkefeltet.
Logg inn med MinID, Bankid, Bankid på mobil eller Buypass ID i mobil, vel den som passar deg.
Klikk for stort bilde

 

Varsel i Skooler

Appen kan gje pushvarsel, slik at du får varsel på telefonen/nettbrettet når skulen har sendt deg noko. Dette gjer du ved å trykke på tannhjulet oppe til høgre og slå på varsler.
I ein situasjon der skulen treng å varsle alle føresette raskt vil vi sende ut melding i Skooler. Det er difor viktig å stille inn appen slik at du får varsel om viktige meldingar.
Dersom du som føresett har fleire barn, kan du enkelt velje kva for ein elev du vil sjå i appen.

Melde fråvær i Skooler

Dersom du som føresatt skal melde fråvær, kan du gjere det i appen. Trykk på «foresattmelding» nedst i appen. Finn kontaktlæraren til ditt barn. Skriv melding i tekstfeltet nederst og trykk på sendeknappen.

Dersom du har spørsmål eller opplever problem med Skooler kan du ta kontakt med kontaktlærar.