Kulturminnevern i Etnedal kommune

Kulturminneplanen for Etnedal kommune vart vedtatt av kommunestyret 21. mars 2019. Alle kommunar har ansvar for å forvalte sine kulturminne, men med ein kulturminneplan har vi ein retning for ein del av kulturminnearbeidet vårt. I tillegg har planen bidrage til å setja temaet på dagsorden. I kulturminneplanen har vi valt ut 21 kulturminne som vi vil fokusere spesielt på dei neste åra.

Spor etter menneskeleg verksemd

Men kva er eit kulturminne? Kulturminnelova definerer kulturminne som «spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til».
Definisjonen opnar for eit kulturminneomgrep av det breie slaget. Kva eit samfunn vel å definere som kulturminne må etter dette stå i samanheng med kva samfunnet til ein kvar tid definerer som kulturarv for sitt samfunn, og som identitetsskapande for dei som bur der. Lova seier vidare at kulturminne og miljø med eigenart og/eller variasjon, som er ein del av vår kulturarv og identitet, og som har relevans for vitskapen, skal vernast og takast vare på.

I praksis er vi mange som både definerer kulturminne og som sørgjer for å bevare dei, alt frå enkeltpersonar og lokale foreiningar og miljø til kommune, fylkeskommune og stat. I dei aller fleste tilfella ligg det viktigaste juridiske ansvaret hjå kommunane. Derfor jobbar Etnedal kommune på fleire ulike måtar for å ivareta og forvalte kulturminna i kommunen.

Freding og anna formelt vern

Dersom du veit om noko som du meiner er bevaringsverdig, kan du ta kontakt med kommunen. Kulturminne frå før reformasjonen (1537) er automatisk freda, og i slike tilfelle må fylkeskommunen kontaktast. Også ståande byggverk eldre enn frå 1650 er automatisk freda.

Kulturminne frå nyare tid kan også fredast, dersom dei blir definert som kulturminne av nasjonal verdi. Det einaste freda kulturminnet frå nyare tid i Etnedal er Lundebrua frå 1829, som vart freda i 1984 og gardsbruket Breie, freda i 2021. Freda kulturminne er det fylkeskommunen som i dei fleste tilfella har forvaltingsansvar for.

Dei fleste andre kulturminne er det kommunen som skal sørgje for bevaring av. Formelt vern kan kommunar vedta i sine arealplanar. Enkelte kulturminne og kulturmiljø i Etnedal er avmerka med omsynssone i arealdelen til kommuneplanen.

Formidling og forvaltning av kulturminne

Kulturkontoret i Etnedal kommune samarbeider med fleire aktørar om å forvalte kulturminne, og om å formidle historia knytt til dei. Valdresmusea og Etnedal historielag er sentrale samarbeidspartnarar, men også frivillige enkeltpersonar og eigarar av kulturminne gjer ein stor innsats for å ta vare på og forvalte kulturminna i kommunen vår. Gjennom Den kulturelle skulesekken får vi moglegheit til å arbeide med kulturarv og kulturminne saman med skulen, slik at barn og unge får kunnskap om og eigarskap til ein del av dei lokale kulturminna våre.

Eigar av eit kulturminne?

Som eigar av eit kulturminne har du mange moglegheiter for å søke både tips og tilskot. Du kan gjerne starte med å ta kontakt med kulturkontoret i kommunen, eller bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi ved Valdresmusea (e-post odd.arne.rudi@valdres.museum.no, tlf. 97 68 90 65). Vidare kan følgjande aktørar og informasjonskjelder vera til nytte:

Det er utarbeida ein rettleiar for byggjeskikk i Valdres. Rettleiaren finn du her. (PDF, 3 MB) (PDF, 3 MB) (PDF, 3 MB)

Norsk kulturminnefond: https://kulturminnefondet.no/

Innlandet fylkeskommune: https://innlandetfylke.no/tjenester/kulturarv/

Riksantikvaren: https://www.riksantikvaren.no/

Bygg og bevar – produkt- og leverandørnøytral kunnskapsbank: www.byggogbevar.no

Stiftelsen UNI: http://www.stiftelsen-uni.no/

Sparebankstiftelsen: https://www.sparebankstiftelsen.no/no

Fortidsminneforeningen (lokallag Verne-Vøla): https://fortidsminneforeningen.no/fylkesavdelinger/oppland/verne-vola-lokallag/

Bygningsvern i Valdres på Facebook: https://www.facebook.com/vernevola/

Norsk kulturarv: http://kulturarv.no/aksjoner/ta-et-tak-aksjonen

Kontaktinfo

Nina Espeseth Grønbrekk
Kulturkonsulent
E-post
Telefon 99 73 41 96