Vatn- og avløpsplan høyring

Klikk for stort bildeEtnedal kommunestyre vedtok i møte 12. september å legge forslag til ny vatn- og avløpsplan for Flæten og Jomfruslette ut til offentleg ettersyn. Planforslaget er utarbeida av Nibio på vegne av grunneigar.

Planforslaget blir lagt i skranken ved servicetorget på Bruflat eller du kan lese det ved å klikke på linken nedanfor.

Uttale/merknadar kan sendast skriftleg til postmottak@etnedal.kommune.no, eller per post til Etnedal kommune, Kyrkjevegen 10, 2890 Etnedal.

Frist for innspel er 25. november 2019