Høring - Driftsplan for fiske og friluftsliv i Etna

Dokkadeltaet Våtmarkssenter har på vegne av Etnedal kommune utarbeida Driftsplan for fiske og friluftsliv i Etna, og denne er no ute til offentleg ettersyn.

Våtmarkssenteret ønsker innspel viss noko er uklart, eller framstår som feil. Det er også fint med innspel på tiltak med tanke på ansvarsområde og gjennomføring. I tillegg ønskes det forslag til fiskeplassar slik at desse kan kartfestast. Andre relevante rekreasjonsområde og kulturminne kan også tilføyast.

Karta i driftsplanen er meint å vere ei samling av område som kan brukast til fiske og friluftsliv langs den aktuelle strekningen frå Hølaføssen til Høljarast.

Det er mogleg å lese planen på servicetorget i kommunen.

 

Innspel kan sendast skriftleg til postmottak@etnedal.kommune.no eller Etnedal kommune, Kyrkjevegen 10, 2890 Etnedal innan fredag 22.juli 2022.

Driftsplan for fiske og friluftsliv i Etna 2022 (PDF, 5 MB)