Beiting, gjerding og rovvilt - Etnedal kommune

Beiting, gjerding og rovvilt

Det føregår beitedrift med både sau, geit, storfe og hest over store delar av Etnedal. Beiting skjer ved frittgåande dyr i utmark og på inngjerda områder. Inngjerding skjer ved både faste og midlertidige gjerde, med eller utan straum. I tillegg kan ferdselen til dyr på både inn- og utmark vere avgrensa ved hjelp av virtuelle gjerder. Då har dyr påmontert ein klave som gjev dyret signal med lyd og / eller straum dersom dyret går utanom ei digital grense som blir overført til dyret sin klave via satellitt.

Dei fleste gardar har rett til utmarksbeite i eit større område rundt bruket. Avgrensinga av både areal og tal på dyr er regulert i private overeinskomstar mellom grunneigarar, gjerne av eldre dato. Færre og større besetningar utfordrar desse eldre, uskrevne overeinskomstane. Det kan vere uklart kva for rettar som gjeld, og det kan skje at dyr går over større område enn der eigaren har beiterett.

Det er stor variasjon av arealbruken i kommunen. Bruk som samferdsel, bustader, fritidsbustader og dyrka mark brukt til plantedyrking til hausting kan komme i konflikt med beitedrift. 

Kommunen regulerer ikkje slike interessekonfliktar, dette er privatrettslege tema. Kommunen legg opp til arealplanar og andre tiltak for å redusere sjansen for konfliktar. Ut over dette er det reglar om gjerding og beiterettar som er gjeldande. Det er Jordskifteretten som skiftar i spørsmål eller usemjer om beiterett.

I område der utmarksbeiterett vert nytta, må den enkelte grunneigar sjølv syte for å gjerde inne areal der beitedyr ikkje skal gå. Dyreeigar pliktar å hente dyr som går utanom beiterettsområde. 

Mattilsynet set krav til utforming og bruk av gjerde, slik at dyr ikkje skal bli skada eller sete seg fast. Reguleringsplanar inneheld reglar om tillaten gjerding. 

Beitedyra har ein stor funksjon i å pleie kulturlandskapet og overføre og omdanne næringsstoff i utmarksvekstar til mat for menneske. Dette gjev god verdiskaping og er ein berekraftig ressursbruk i samfunnet. Kommunen ynskjer god sameksistens mellom beitebruk og annan bruk av areal i kommunen. Dette fungerer jamt over svært godt. Det er ynskjeleg med meldingar frå publikum ved dyr på avvege eller dyr med skader eller andre problem. Etnedal Beitelag har vakttelefon for dette i beitesesongen, og kommunen tek óg imot informasjon.

Ved eventuelle misnøyer oppfordrar kommunen alle partar til heilskapleg syn med bidrag til løysingar som mest mogleg omsyntek flest mogleg sine behov og ynskjer.

Rovvilt

Det har over fleire år vore låg forekomst av rovvilt i Etnedal. År i mellom vil det kunne skje auka rovdyrpress med større tap av beitedyr som resultat. Statsforvalteren og kommunen har rutiner og organisering for aktuelle slike situasjonar. Statsforvalteren utarbeider årleg informasjonsbrosjyre om rovvilt og rovvilforvaltning.

Etnedal Beitelag organiserer brukarar med utmarksbeiting, og har intern varslingsrutine ved rovdyråtak. Kommunen har fellingslag som får oppdrag ved eventuelle ekstraordinære rovdyruttak. Det finst oversikt over kadaverhundekvipasjer som kan bidra ved søk etter skada og døde dyr etter åtak av rovdyr.

Kontaktinformasjon

Etnedal kommune sentralbord:             61121300

Etnedal beitelag vakttelefon:                90211677

Vakttelefon Statsforvalteren Rovvilt:    97029840

Fellingsleiar Etnedal kommune:           99160657

 

Informasjonsbrosjyre Statsforvalteren:

Årets informasjonsbrosjyre om rovvilt og beitesesongen 2026 | Statsforvalteren i Innlandet

Kontaktinfo

Olav Agnar Wold
Jordbrukskonsulent
E-post
Mobil 95 05 45 64