Ordinær bandtvang
Det er ordinær bandtvang i heile landet frå og med 1. april til og med 20. august. I denne perioden skal hundar haldast i band eller vere forsvarleg inngjerda eller innestengde, slik at dei ikkje kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjørfe, rein, hest eller vilt.
Utvida bandtvang i Etnedal kommune
I Etnedal kommune skal hundar i tillegg haldast i band eller vere forsvarleg sikra:
- I barnehagar, skulegardar og på leike- og idrettsplassar heile året.
- I og i tilknyting til kyrkjegardar, bustad- og handelsområde heile året.
- I og i tilknyting til ferdsel i lysløyper og i 5 km-rundløypa ved Etnedal skule heile året.
- I alle preparerte skiløyper i kommunen i samband med vinterferien i veke 8 og 9 og i heile påska, frå laurdagen før palmesøndag til og med 2. påskedag.
- I område der bufe har rett til å beite og faktisk beitar, frå og med 21. august til og med 30. september.
Den utvida bandtvangen frå 21. august til 30. september gjeld dermed ikkje automatisk i heile kommunen, men i område der bufe faktisk beitar.
Ansvar også utanom bandtvangstida
Utanom bandtvangstida kan ein hund berre vere laus når han blir følgd og kontrollert på ein aktsam måte. Hundehaldaren skal førebyggje at hunden gjer skade på eller er til urimeleg ulempe for menneske, dyr, eigedom eller miljø. Hunden skal så langt som mogleg hindrast i å drive eller forfølgje vilt.
Hundehaldaren må sjølv undersøkje om det er beitedyr i området før hunden blir sleppt laus.
Unntak for jakt og andre bruksføremål
Unntaka frå reglane om bandtvang følgjer av hundelova § 9. Dette gjeld mellom anna hund som blir brukt aktivt til lovleg jakt, jakthundtrening, jaktprøver eller ettersøk, innanfor dei tidsperiodane og vilkåra som følgjer av lova.
Ein jakthund kan berre sleppast på ein aktsam måte og slik det er naturleg ut frå bruksføremålet. Bruken må vere i samsvar med hundelova, viltressurslova, naturmangfaldlova og anna relevant regelverk.
Jakthundtrening og jaktprøver kan berre gå føre seg med samtykke frå grunneigaren eller den som har den allmenne jaktretten i området. Ved jakt må jegeren ha nødvendig jaktrett eller løyve frå jaktrettshavaren.
Reinhald, ro og orden
Hundehaldaren skal straks fjerne ekskrement som hunden etterlèt på fortau, i parkar, på bruer, bryggjer, strender og turvegar, i andre sine hagar, på anlegg eller andre offentlege stader som blir brukte av ålmenta.
Det er ikkje tillate å ha hund med vedvarande støyande åtferd utandørs.
Les heile forskriften om hundehold i Etnedal kommune og hundeloven.