Kommunedelplan for naturmangfald

Klikk for stort bildeEtnedal kommune har starta opp arbeid med eigen kommunedelplan for nanturmangfald. Dette er eit prosjektarbeid inititert av Miljødirektoratet med bakgrunn i Meld. St. nr. 14. Natur for livet- handlingsplan for naturmangfold.

I denne handlingsplanen har regjeringa sett mål for naturmangfaldet vårt. Og eit av måla er at kommunane si kompetanse på naturmangfald skal styrkast gjennom eit godt kunnskapsgrunnlag og ved auka vegleiing. Regjeringen initierte derfor et pilotprosjekt retta mot slik planarbeid.

På Miljøkommune sine heimesider (www.miljokommune.no) vart Etnedal tidleg i 2017 kjent med at Miljødirektoratet opna for andre prosjektrunde og syns det var eit spanande prosjekt å søkje på. Særleg i samband med oppstart av revideringsarbeidet med kommunedelplanens arealdel  verka ein eigen kommunedelplan for naturmangfald interessant.

1. mars fikk vi telefon fra Miljødirektorat med beskjed om at vi skulle få delta i prosjektet. Dette medfører faglig og økonomisk støtte fra MD, og en stor egeninnsats fra kommunen sin side. Vi ser frem til å få et overordnet dokument som kan gi oss oversikt over viktige elementer i naturen vår. Plandokumentet vil være et viktig verktøy for oss i arealforvaltningen, det vil tette kunnskapshull og styrke kompetansen vår på naturmangfold.

Planprogrammet for kommunedelplanen har vore til offentleg ettersyn og vart endeleg godkjent av kommunestyret i januar 2018.

Kommunen arrangerte opent informasjonsmøte 31. januar, der John Haugen frå Miljødirektoratet og Geir Høitomt var inviteret til å halde foredrag. I tillegg kom Fredrik Holte Breien på eige initiativ og heldt eit innlegg om prosessen rundt Breien naturreservat.

Vi skal gjere vårt beste for at denne sida her blir jamleg oppdatert, slik at alle interesserte kan følgje oss i arbeidsprosessen gjennom året 2018.

Tenkjer du at du har noko å bidra med, ta gjerne kontakt med oss.

 

Arbeidsgruppa for kommundelplan Naturmangfald

Kontaktinfo

Kari-Elin Saglien
Konsulent
E-post
Telefon 61 12 13 51

Åpningstider

Mandag - fredag
kl. 08.00 -15.30 (15/5 - 15/9)
kl. 08.00 - 16.00 (16/9 - 14/5)
Tlf: 61 12 13 00

Adresse

Besøks - og postadresse:
Etnedal kommune
Kyrkjevegen 10
2890 Etnedal

 

Kartpunkt