Plandokumentet

Kommunedelplanen for naturmangfald skal vere eit levande og dynamisk dokument som utviklar seg ettersom kunnskapsgrunnlaget blir betre. Første runde er dermed ikkje uttømmande, men eit steg på vegen til eit økologisk kunnskapskart for Etnedal. Noreg har forplikta seg internasjonalt til å vere med i kampen om å stoppe tapet av naturmangfaldet innan 2020 (Gjennom Konvensjonen om biologisk mangfold (CBD)). Alle deltakande land pliktar å utarbeide strategiar og handlingsplanar for iverksetting av konvensjonen nasjonalt, og i juni 2016 vedtok Noreg;  "Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold",  St.meld. 14 (2015-16) i Stortinget.

Hovudmålet med ein eigen kommunedelplan for naturmangfald er å sikre ei heilskapleg og nevenyttig oversikt over verdifulle naturområde og artar i Etnedal kommune. Planen er eit viktig hjelpemiddel ved praktisk iverksetting av kommuneplanens arealdel og skal legge føringar for kommunens vidare arbeid med å ta vare på naturmangfaldet på ein berekraftig måte.

I Meld. St. 14(2015-2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold seier Regjeringa at dei vil sette i verk eit pilotprosjekt for å teste ut bruk av kommunedelplanar som verktøy for å ta betre vare på naturmangfaldet. Meldinga skildrar korleis regjeringa sin politikk skal bidra til å ta vare på naturmangfaldet og omfattar utfordringar Noreg har, og kva slags verkemiddel vi har til rådigheit. Handlingsplanen er eit politisk verktøy for å nå nasjonale og internasjonale mål for naturmangfald. Det står òg her at:

«Regjeringen ønsker å legge til rette for at kommu­nene kan øke sin kompetanse om naturmangfold. Regjeringen foreslår at dette skal skje gjennom et godt kunnskapsgrunnlag og økt veiledning, og gjennom et pilotprosjekt om kommunedelplaner for naturmangfold. I dette pilotprosjektet vil det bli lagt vekt på de verdiene som naturmangfoldet represen­terer i nasjonal, regional og lokal sammenheng.»

Kommunedelplanen skal vere eit viktig grunnlag for avgjersler og den skal gje meir føreseieleg sakshandsaming i enkeltsakar. Eit delmål er å auke kompetansen til dei tilsette i kommunen, politikarane våre og til innbyggjarane og hytteeigarane her. Eit anna delmål er å gjere det enklare for tiltakshavarar og private aktørar og synleggjere tidleg i prosessen dei naturfaglege faktorane som vil påverke ein plan om arealendring.

Planen skal, utover dette, forankre eksisterande kunnskap om naturmangfaldet, og den skal sikre at kunnskapsgrunnlaget aukar i framtida. Det er lagt vekt på å få fram kva verkemiddel, reiskap og moglegheiter som finns i lovverket og i den offentlege forvaltninga. Kunnskap om kva hjelpemiddel både det offentlege og dei private kan nytte seg av, er viktig å formidle for å kunne få til gode prosjekt i framtida.

Kontaktinfo

Kari-Elin Saglien
Konsulent
E-post
Mobil 94 83 52 63