Registrering av biologisk mangfald

Sidan arbeidet med kommunedelplanen for naturmangfald starta har det vorte gjort ei oppdatering av nokon naturtypar som var utdaterte, dette gjeld:

  • Etna (inntil 100 ca. 100 meter på kvar side)
  • Lenningen-området
  • Rikmyrområda ved Garin/Svillen
  • Utvalde skoglokalitetar med mangelfull beskrivelse
  • Synnfjellet og Jomfruslettfjellet(over skoggrensa)

Kartlegginga omfattar biologisk mangfald( herunder raudlisteasrtar, raudlista naturtypar, utvalde naturtypar og prioriterte artar), kulturpåverknad, verdivurdering samt forslag til skjøtsel og omsyn. I tillegg til dette vart det i 2018-19 utført målretta feltarbeid for nokon av viltartane Etnedal kommune har eit viktig forvaltningsansvar for; dobbeltbekkasin, vipe, storspove, sjøorre, svartand, myrhauk, fiskeørn, hønsehauk, bergirisk og lappspurv.

Dette er oppdatering og rekartlegging som ikkje kjem i rapportform, men informasjonen som kom fram av kartlegginga er tilgjengeleg i databasen Naturbase www.naturbase.no  og er i tråd med DN-håndbok 13 og NiN (natur i Norge).

Kontaktinfo

Kari-Elin Saglien
Konsulent
E-post
Mobil 94 83 52 63