Kartlegging av slåttemyr

Den store variasjonen i topografi, klima, jordsmonn og mennesket sin langvarige bruk av naturen, har gitt Noreg eit stort mangfald av naturtypar. Dei siste femti åra har derimot fleire naturtypar gått sterkt tilbake. Endringar i arealbruk er den viktigaste årsaka til tap av naturmangfald. Nokon av desse naturtypane vi har i Noreg er særleg viktige for det biologiske mangfaldet. Desse naturtypane er anten sjeldne, har eit spesielt rikt plante- og dyreliv eller dei er viktige levestadar for trua artar. Nokon er også geologisk viktige eller er særeigne slik at dei er interessante og verdifulle i lokal, nasjonal og/eller internasjonal samanheng. Med naturmangfaldlova er det mogleg å gi einskilde naturtypar særskilt status og ekstra beskyttelse som utvalde naturtypar.

I Etnedal har vi per 2020 førekomstar av to utvalde naturtypar: slåttemark og slåttemyr. Slåttemark er relativit godt kartlagt, men slåttemyrene manglar slik kartlegging.

I 2020 søkte vi derfor tilskot til kartlegging av ei kjent slåttemyr; Grøvamyri. I tillegg var det kartlagt slåttemyrlokalitetar i området Garin/Svillen, som ein del av eit større prosjekt for Innland i regi av Statsforvaltaren i Innlandet.

Kontaktinfo

Kari-Elin Saglien
Konsulent
E-post
Mobil 94 83 52 63