Kartlegging og verdisetting av friluftområde i Etnedal

Kartlegging og verdisetting av friluftsområde er eit viktig kommunalt verkemiddel for å identifisere, utvikle og ta vare på areal for friluftslivet. Kartlegging og verdisetting av friluftslivsområde er ei metode som er løfta fram i Nasjonal strategi for et aktivt friluftsliv og Nasjonal handlingsplan for statlig sikring og tilrettelegging av friluftslivsområder.

Vegleiar frå Miljødirektoratet (M98-2013) Kartlegging og verdisetting av friluftslivsområder ligg til grunn for prosjektet og det vart søkt om midler gjennom Miljødirektoratet sitt søknadssenter.

Kartlegginga vart gjennomført i 2020 og er ein del av tiltaksplanen for kommundelplanen for naturmangfald. Kartlegging er mellom anna viktig for vidare arbeid med statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde og ved eventuell vurdering av løypetrasear for fornøyelseskøyring med snøscooter.

Resultatet av kartlegging og verdisetting ligg som eit eige kartlag i Valdreskart.
Huk av for «Verdsatte friluftslivområder» under tegnforklaring(blå pil):

 

Kart over friluftsområder - Klikk for stort bildeKart over kartlagte friluftsområder, finner du inn i kartsystemet vårt

 Huk av for «Kartlagte friluftslivsområder» for å sjå dei ulike kategoriane.

Kontaktinfo

Kari-Elin Saglien
Konsulent
E-post
Mobil 94 83 52 63