Driftsplan for Etna

Etnedal kommune søkte i 2020 om tilskot til å utarbeide driftsplan for fiske og friluftsliv i Etna. Innlandet fylkeskommune gav tilsegn om tilskot på kr. 45.000,- til  driftsplanen,  medan Etnedal kommune bidreg med om lag kr. 50.000,- av midlar frå kommunedelplan for naturmangfald.

Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter vart i samband med dette engasjert til å utføre kartlegging av forholda for fiske og friluftsliv i Etna, frå Hølaføssen til Høljarast. Dette er den delen av vassdraget som er omfatta av Etna grunneigarlag.

Grunneigarlaget, Etna elvelag og Etnedal jeger- og fiskarforeining har vore involvert i prosjektet.

Driftsplanen vart ferdigstilt hausten 2022.

Etna har historisk vore ei viktig åre gjennom Etnedal og er framleis mykje brukt innan fiske og friluftsliv, som er ein viktig ressurs som rekreasjon og har potensiale som næring. For å ta vare på desse ressursane er ein driftsplan viktig å ha. Målet med driftsplanen er å samle kunnskapen og ha ein plan for bruk og ivaretaking av elva. Driftsplanen er eit dynamisk dokument og justerast ettersom kunnskapsgrunnlaget aukar og tiltak gjennomførast. Konkret skal planen bidra til å betre forholda for fiskebestandane i elva og auke moglegheiter for å fiske i Etna, samt halde ved like tilbod for rekreasjon og friluftsliv langs Etna.

Driftsplanen er basert på eksisterande kunnskap og innspel frå lokale interessentar. Grunnlaget for driftsplanen gjeld organisering av fiske og det biologiske mangfaldet langs elva.

Driftsplan for fiske og friluftsliv i Etna kan du lese her. (PDF, 5 MB)