Beitesesongen er i gang - Etnedal kommune

Beitesesongen er i gang

Det føregår beitedrift med både sau, geit, storfe og hest over store delar av Etnedal. Beiting skjer ved frittgåande dyr i utmark og på inngjerda områder. Beitedyra har ein stor funksjon i å pleie kulturlandskapet og overføre og omdanne næringsstoff i utmarksvekstar til mat for menneske.

Ein kan møte på dyr i samband med tur og fritidsaktivitetar og etter vegen. Det er viktig å vise omsyn til dyra, og ta det roleg ved møte ved dei. Vis varsemd med møte på store dyr med avkom, trekk unna dersom hund er med. Trekk til side eller gå rundt ved store flokkar av dyr. 

Det er ynskjeleg med meldingar frå publikum ved dyr på avvege eller dyr med skader eller andre problem. Etnedal Beitelag har vakttelefon for dette i beitesesongen, og kommunen tek óg imot informasjon.

Rovvilt

Statsforvalteren og kommunen har rutiner og organisering ved særskilde situasjonar med rovvilt. Statsforvalteren utarbeider årleg informasjonsbrosjyre om rovvilt og rovvilforvaltning.

 

Kontaktinformasjon

Etnedal kommune sentralbord:             61121300

Etnedal beitelag vakttelefon:                  90211677

Vakttelefon Statsforvalteren Rovvilt:    97029840

Fellingsleiar Etnedal kommune:             99160657

 

Informasjonsbrosjyre Statsforvalteren:

Årets informasjonsbrosjyre om rovvilt og beitesesongen 2026 | Statsforvalteren i Innlandet