Kartleggingsarbeid i Etna – Informasjon frå Etnedal kommune

Det er sett i gang eit større kartleggingsarbeid i Etna-elva. Bakgrunnen er mellom anna dei endringane som har skjedd i vassdraget etter fleire flaumar, og at ein i framtida ventar meir ekstremvêr og hyppigare høgvasstilhøve. Samstundes er Etna registrert med redusert miljøtilstand.

For å vurdere moglege tiltak for å betre tilstanden i elva, og samstundes dempe framtidige flaumproblem, skal det gjennomførast ei heilskapleg kartlegging av vassdraget. Kartlegginga omfattar både biologiske og tekniske (hydrauliske) forhold, og tek sikte på å vurdere effektane av ulike biotopfremmande og flaumdempande tiltak.

Etnedal kommune deltek no i tre kartleggingsprosjekt med støtte frå statlege etatar:

  • Kr 700 000 frå Miljødirektoratet: Kartlegging av tiltak som kan betre leveområda i elva og samstundes dempe flaum. Arbeidet gjeld Etna innanfor Etnedal kommune, og skal gjennomførast i 2025.
  • Kr 900 000 frå NVE: Utgreiing av korleis ulike restaureringstiltak vil påverke vasstand og flaumområde. Dette prosjektet omfattar Etna frå Lunde bru til samløpet med Dokka, og er eit samarbeid mellom Etnedal og Nordre Land kommunar. Gjennomføring innan utgangen av 2027.
  • Kr 80 000 frå Miljødirektoratet: Kartlegging av biologisk mangfald i Etna frå Bruflat til Høljarast. Dette skjer i 2025, som eit supplement til liknande kartlegging i Nordre Land i 2024.

Til desse prosjekta er det leigd inn fagkunnige konsulentar. Feltarbeidet startar sommaren 2025, og vil pågå i perioden juli til september. Under dette arbeidet vil feltpersonell vere synlege langs elva.

Kommunen ønskjer å informere både grunneigarar og andre om at det no vil vere aktivitet langs Etna i samband med dette arbeidet. Det er viktig for kommunen at folk er kjende med kva som skjer, og at det er forståing for arbeidet som no vert gjort.

Kartlegginga er eit viktig ledd i å betre miljøtilstanden og sikre ei betre flaumhandtering i framtida. Kommunen kan formidle kontakt med feltpersonell dersom det er aktuelt med lokal kunnskap frå grunneigarar eller andre.

Flom på retur Unni Klevgård