Presentasjon av prosjektet «Elgen i Oppland»

Gausdal kulturhus 14. september 2026

Måndag 14. september 2026 kl. 12.00–15.30 blir det opent møte i Gausdal kulturhus med presentasjon av resultata frå prosjektet «Elgen i Oppland 2019–2024».

Det er ingen påmelding. Det blir enkel servering med kaffe og kake.

Bakgrunn for prosjektet

Prosjektet «Elgen i Oppland» vart sett i gang etter initiativ frå elleve kommunar og fleire jaktrettshavarar som heilt eller delvis høyrde til den tidlegare Dokkfløy elgregion. Regionen omfatta ein stor elgbestand i tidlegare Oppland fylke, der delar av bestanden trekkjer mellom ulike sommar- og vinterområde.

Samarbeidet i elgregionen vart avslutta i 2013, mellom anna som følgje av usemje om den årlege avskytinga og uttaket av trekkande elg i vinterbeiteområda. Lokalt har det likevel vore eit sterkt ønske om å få til ei meir samordna forvaltning av elgstamma. Over lengre tid har kommunar, jaktrettshavarar og andre involverte drøfta korleis ein på nytt kan etablere eit regionalt samarbeid.

Eit viktig utgangspunkt har vore behovet for betre og meir oppdatert kunnskap om korleis elgen nyttar områda i regionen, og korleis han trekkjer mellom ulike område gjennom året. Etter ein lengre prosess vart det derfor vedteke å etablere eit nytt elgmerkeprosjekt.

Norsk institutt for naturforsking (NINA) deltok i utforminga av prosjektet og gjennomførte arbeidet innanfor rammene fastsette av ei lokalt forankra styringsgruppe. Prosjektperioden varte frå september 2019 til august 2024.

Det overordna målet med prosjektet har vore å styrkje kunnskapsgrunnlaget om elgstamma og beitegrunnlaget i den tidlegare Dokkfløy elgregion. Prosjektet skulle særleg gi meir kunnskap om:

  • trekkmønsteret og områdebruken til elgen
  • kvar trekkelgen oppheld seg under jakta og om vinteren
  • beitetilbud og beitetrykk
  • kalveproduksjon og overleving
  • utviklinga i slaktevekter og kalverekruttering

Ved starten av prosjektperioden vart 52 elgar merkte med GPS-sendarar. Dette gjorde det mogleg å følgje rørslene til dei enkelte dyra og undersøkje områdebruk, trekkmønster, reproduksjon og overleving.

På møtet i Gausdal kulturhus vil NINA presentere dei viktigaste resultata frå prosjektet. Det blir også sett søkjelys på korleis den nye kunnskapen kan brukast i den vidare elgforvaltninga, og korleis kommunar, jaktrettshavarar og andre aktørar kan samarbeide på regionalt nivå.

Program for dagen

Tidspunkt                       Tema                                                              

12.00–12.10  Velkommen og innleiing. Kaffe og kake                        

12.10–12.30  Bolk 1: Trekkelg – kvar er elgen under jakta og om vinteren?  

12.30–12.50  Bolk 2: Beitetilbud og beitetrykk                                                

12.50–13.10  Pause med påfyll av kaffe og kake   

13.10–13.30  Bolk 3: Utvikling i slaktevekter og kalverekruttering                

13.30–13.50  Bolk 4: Frå kunnskap til handling – tilrådingar for vegen vidare  

13.50–14.10  Pause med påfyll av kaffe og kake   

14.10–14.40  Erfaringar frå Nord-Østerdal/Røros elgregion       

14.40–15.00  Korleis tek vi prosjektet vidare?                   

15.00–15.30  Diskusjon

Meir informasjon

NINA har publisert ein artikkel om prosjektet: Elg bryr seg ikke om kommunegrenser

Sluttrapporten frå prosjektet kan lesast i Nasjonalt vitenarkiv: Elgprosjektet i Oppland 2019–2024 – sluttrapport

Velkommen!