Elevpermisjonar

Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring etter Opplæringslova S2-1. Det er ein viktig føresetnad for læring at eleven er tilstades i skuletida. Alle elevar er ein del av ei klasse, eit læringsfelleskap, og det er viktig både for eleven og klassa at eleven er til stade, aktiv og deltakande i det felles læringsarbeidet på skulen.

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring
(Opplæringslova, 1998, § 9A-2) Skulen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane og elevane er i stor grad inkludert i dette arbeidet gjennom heile året.

Det er kommunestyret som vedtek skulens utviklingsmål.
Kommunestyret har i vedtak av 26.06.20 avgjort at Etnedal skule restriktiv haldning til elevpermisjonar. Skulens utviklingsmål kan du finne her.

Skuleåret består av 190 skuledagar, det vil seie at elevar og føresette har 175 dagar tilgjengeleg til ikkje opplæringsretta aktivitet. Uansett årsak eller lengde på permisjonen ber skulen om at føresette tek ei grundig vurdering på om det er mest hensiktsmessig for eleven å vera borte frå opplæringa sett opp mot anna aktivitet før ein leverer søknad.

Eit vilkår for permisjon er at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.
Opplæringslova § 2 - 11 andre ledd.

Eleven har ikkje rett til å få erstatta undervisninga han har mista under permisjonsperioden.
Det innebær i praksis at permisjonens lengde avkortar grunnskuleopplæringa tilsvarande.
Skulen legg ikkje til rette for at eleven får levere oppgåver eller ta prøver som medelevane har hatt medan eleven var borte.

Permisjon til religiøse heilagdagar

  • Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vera borte frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag.
    (Opplæringslova § 2 - 11 andre ledd)

Permisjon etter søknad

  • Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje fri inntill to veker. Eleven har ikkje rett til ein slik permisjon og det er opp til skulen og vurdere om det er forsvarleg ut frå omsynet til elevens opplæring.
    (Opplæringslova § 2 - 11 første ledd)

 

Søknad om permisjon inntil 2 dagar

Kontaktlærar kan gje permisjon inntil 2 dagar.
Det skal søkast skriftleg, anten i meldingsbok eller på e - post i god tid med årsak og grunngjeving.

Søknad om permisjon inntil 10 dagar

Skuleleiinga kan gje permisjon inntil 10 dagar for kvar søknad.

Saksbehandling

  • Føresette skal søke om permisjon i god tid.
  • Søknad sendast til skulen som fattar enkeltvedtak etter individuell vurdering.
  • Søknad skal fyllast ut på eige skjema, hugs å begrunne søknaden.
  • Avslag på søknad skal grunngjevast av skuleiinga.
  • Eventuell klage på skulens enkeltvedtak skal sendast til skulen.
  • Dersom skulen opprettheld enkeltvedtaket, sender skulen klaga vidare til Statsforvaltaren i Innlandet som er klageinstans.

Dersom føresette vel å ta ut eleven frå skulen, anten utan å ha søkt om permisjon eller utan å ha fått innvilga (heile) søknaden, vil eleven få ugyldig fråvær for den delen av søknaden som ikkje er innvilga.

Om føresette vel å ta ut eleven frå skulen i ei periode på meir enn 10 dagar lyt eleven skrivast ut av skulen.