Rutinar ved elevfråvær

Etnedal skule har eigne rutiner for elevfråvær, formålet er å gje tett oppfølging av elevane.
Dersom eleven er sjuk eller av andre orsakar ikkje kan komme på skulen skal føresette melde frå på førehand eller same dag.

Planlagt fråvær
Dersom eleven skal ha planlagt fråvær melder du frå til kontaktlærar så snart du veit om det. Dette kan gjelde til dømes tannlegetime, legetime, innvilga permisjon eller liknande.  Føresette skal melde frå til kontaktlærar om årsaka til fråværet og kor lenge eleven skal vera borte. For å melde frå kan ein anten nytta meldingsboka, VISMA eller sende e-post.
Ikkje utlever personlege opplysningar om eleven i skriftleg kommunikasjon med skulen, dette er for å ivareta elevens personvern.

Dersom kontaktlærar ynskjer at foreldra skal sende SMS på privattelefonen sin skal kontaktlærar sjølv gje foreldra beskjed om dette. Dersom kontaktlærar ikkje har oppfordra foreldra til å ta kontakt på privat telefonnummer skal dette berre nyttast  i naudstilfelle. 

Ikkje planlagt fråvær
Med ikkje planlagt fråvær meiner ein sjukdom eller anna som gjer at eleven ikkje kan komme på skulen. Føresette skal melde frå til kontaktlærar via VISMA eller e-post om morgonen om fråvær og årsak. Same regel gjeld for SMS til kontaktlærar sin private telefon som ovanfor.

Dersom føresette ikkje har moglegheit til å bruke VISMA eller e-post kan dei ringe skulen på telefon 61 12 18 00 etter klokka 08.30. Skulen ber om at flest mogleg bruker VISMA eller e-post då det ikkje alltid er bemanning på kontoret.

Dersom kontaktlærar er markert med fridag sender du e-post til denne adressa:

gunn.smedsrud@etnedal.kommune.no

Dersom ein elev ikkje kjem på skulen og føresette ikkje har varsla skulen innan klokka 10.00,
vil skulen ringe heimen og etterlyse eleven. 

 

Dersom kontaktlærar er markert med fridag sender du e-post til denne adressa:
gunn.smedsrud@etnedal.kommune.no