SFO - skolefritidsordning

SFO har lokale på Etnedal skule og har telefon 91 74 09 89 i opningstida. 
Det er mogleg å bestille ekstra dag både for elevar som har fast plass i SFO og andre elevar i 1.-4. trinn. Foresette som ynskjer å bestille ekstra dag skal kontakte skulen på telefon 61 12 18 00.

SFO har måltid kvar dag.
Elevane må ha med eigna klede til uteleik.

Opningstider
Måndag 14.20 - 16.30
Tysdag   14.20 - 16.30
Onsdag  08.15 - 16.30
Torsdag 14.20 - 16.30
Fredag   14.20 - 16.30

Elevar som ikkje har fast SFO kan kjøpe ekstra dag, meld frå til
gunn.smedsrud@etnedal.kommune.no  

Foreldrebetaling
Pris pr. time er 44,- kr alle dagar unntagen onsdagar 
Pris onsdagar er 217 kr per dag
Søskenmoderasjon er 40%, mat er inkludert.
Gebyr ved for sein henting (etter 16.30) er 250 kr. Dette vert fakturert i etterkant.

I statsbudsjettet for 2023 et det vedteke 12 timar gratis SFO per veke for elevar på 1. og 2.  trinn. Ordninga gjeld frå og med august 2023.

Kommunestyret i Etnedal har vedteke at føresette med barn i barnehage og på SFO skal få søskenmoderasjon på tvers av ordningane med 30 % moderasjon for barn nr. 2 og 50 % for barn nr. 3. 
Ordninga gjeld frå og med skuleåret 2023/2024.

Frist for søking til SFO kommande skuleår er 1. mars.
Søknad skal sendast elektronisk via link øverst til venstre på sida her.
Ta kontakt med undervisningsinspektør Gunn Smedsrud ved spørsmål om SFO: 
gunn.smedsrud@etnedal.kommune.no, eller tlf. 61 12 18 00
 

Adresse

Etnedal skule
Espelibygde 566
2890 Etnedal

Kartpunkt