Etnedal kulturskule

Logo til Etnedal kulturskule - Klikk for stort bildeEtnedal kulturskule

ETNEDAL KULTURSKULE  har som mål å vera eit resurssenter i bygda, fyrst og fremst som eit tilbod til born og unge frå 1. klasse og oppover. Musikk og kultur skapar positive sosiale relasjonar. I kulturskulen får elevane undervisning i ulike kunst- og kulturuttrykk gjennom kreativ læring og oppleving, og dei kan oppdage og utforske nye sider ved seg sjølv.  

Undervisninga følgjer skuleruta og skjer på skulen i eigne lokale enkeltvis eller i grupper fortrinnsvis etter skuletid måndag, tysdag og fredag. Tidspunkt for timane blir avtala med kulturskulen ved starten av skuleåret. Lengda på undervisninga kan variere etter elevens behov og etter gruppestørrelse. Noko undervisning blir også gitt i form av seminar og fellessamlingar. Me har felles lærarar med fleire av våre nabokommunar.

Her kan du søke plass i kulturskulen

NB! Elevar som alt har ein plass i kulturskulen, må gå inn og re-registrere seg kvart år.

Oversikt over dei ulike undervisningstilboda, lærarane, prisar, korps og kor: sjå brosjyre for kulturskulen ovanfor for gjeldande år.

 

Velkomen til eit kreativt, aktivt og levande miljø!

Kontaktperson: Lars Erik Haugerud

Lars.Erik.Haugerud@etnedal.kommune.no
Telefon 47632825

Kontaktinfo

Lars Erik Haugerud
Kultursjef
E-post
Mobil 47 63 28 25

Adresse

Etnedal skule
Espelibygde 566
2890 Etnedal

Kartpunkt