Beitesesong - beitebruk - skadde dyr eller kadaver

Fin storfekalv i sommereng. - Klikk for stort bildeKalv av storfe i sommereng

Ein ny beitesesong er no i gang, med slepp av ku, sau, geit og hest på utmarksbeite. Utmarksbeite er en viktig ressurs for gårdbrukerne og gir et vakkert og åpent landskap og ikke minst god dyrevelferd. Dersom du finn sjuke / skadde beitedyr eller kadaver bed kommunen om at du for sau merkar deg sjusifra dyre-ID på øyremerket, ofte kombinert med namn og tlf. til eigar. Storfe har åttesifra produsentnr. på øyremerket, iblant namn i tillegg. Sau har særskilde fargar på øyremerker og klavar. Ta gjerne kartkoordinatar for funnstaden.

Beitenæringa set pris på informasjon om observasjonar av dyr  i utmarka også etter hovudsankedato 10. september.

Melding om funn kan gjevast på beitevakttelefon 902 11 677 / sentralbord 61 12 13 00.

Gjerder

Dersom du oppdagar dårlege eller nedfalne gjerder som kan gje skader på dyr, kan dette meldast frå om til kommunen eller mattilsynet. Straumgjerder er ikkje lovleg å bruke utan straum og jamnleg tilsyn. Vi veit at dyra våre kan skape frustrasjon når de ligger inntil hus og på verandaer. Vi, dyreeierne, ber om at strømgjerder uten daglig tilsyn og ulike trådløsninger unngås da det er ulykker med at dyr setter seg fast hvert år. Skigard, plankegjerde eller vanlig nasjonalgjerde er best.

Hundehald

I Etnedal gjeld bandtvang for hund i peridoen 1. april – 30. september. Unnateke er organisert trening og jakt med hundar i perioden 21.08 – 30.09, etter avtale med grunneigar. Hundeførar må ha kontroll over hunden og hunden må vere sauerein.

 

Kontaktinfo

Olav Agnar Wold
Jordbrukskonsulent
E-post
Mobil 95 05 45 64

Åpningstider

Mandag - fredag
kl. 09.00 -15.30 (15/5 - 15/9)
kl. 09.00 - 16.00 (16/9 - 14/5)
Tlf: 61 12 13 00