Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark. Ny oppdyrking av jordbruksareal, som har lege unytta i over 30 år, kjem og under omgrepet nydyrking.
Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark vert ikkje rekna som nydyrking.
Dersom du ynskjer å dyrke nye areal til jordbruksføremål må du søkje kommunen om godkjenning. Dette er heimla i forskrift om nydyrking, m.a. for å sikre omsyn til natur- og kultur-landskapsverdiane.
Ytterlegare informasjon med søknadsskjema for godkjenning av plan for nydyrking finn du her:
Søk om nydyrking hos Landbruksdirektoratet her.
Sist endret 23.01.2023 11.06