Eiendomsoverdragelse

Alt erverv av eigedom er underlagt konsesjonslova. Erverv omfattar både kjøp og arv. Mange slags erverv er etter lova fritekne for konsesjonsplikt. Skjemaet LDIR-360, «Egenerklæring om konsesjonsfrihet», dokumenterer grunnen til at det ikkje er konsesjonsplikt for å overta eigedomen. Hovudregel er at du kan erverve bebygd eigedom under 100 daa totalareal og som har under 35 daa dyrka mark utan å søke konsesjon. Det same gjeld godkjende byggetomter og anna regulert, ubebygd areal. I tillegg er erverv frå nær familie unnateke konsesjonsplikt.

Ved erverv av bebygd tomt under 2 daa er det ikkje krav om eigenerklæringsskjema. Erverv av ubebygd eigedom over 2 daa krev søknad om konsesjon. Det same gjeld bebygd eigedom over 100 daa totalt eller med meir enn 35 daa dyrka mark.

Før innsending av skøyte til Statens kartverk må konsesjonsforholdet vere godkjend hjå kommunen. Eigenerklæring om konsesjonsfridom eller søknad om konsesjon sendast kommunen. Dette kan gjerast på papir eller ved elektronisk sending av innskanna, signert skjema. Kommunen registrerer konsesjonsgodkjenning elektronisk i Matrikkelen, som Kartverket så kontrollerer før tinglysing av skøyte.
 

Kontaktinfo

Olav Agnar Wold
Jordbrukskonsulent
E-post
Mobil 95 05 45 64