Om Etnedal

Fjell i sør Etnedal med et malt norsk flagg i berget - Klikk for stort bildeFlaggfjell i sør Etnedal Unni Klevgård

Fyrst i 1894 vart Etnedal eigen kommune, etter å ha vore delt mellom Sør- og Nord-Aurdal. Med berre ca 1260 innbyggarar er Etnedal i dag ein liten kommune.

 

Etnedal kommune har likevel mange naturmessige og kulturhistoriske godbitar, og dette gjer Etnedal til eit attraktivt turmål for friluftsmenneske og historisk interesserte. Etnedal kommune dekker eit areal på 459 km2. Den høgste fjelltoppen i kommunen er Spåtind med sine 1414 m.o.h. Kommunesenteret er på Bruflat.

I tillegg til eit av Noregs største varig verna vassdrag – Etna – finn du i Etnedal også eit av dei mest verneverdige kulturlandskapa i Oppland. Steinsetfjorden omkransa av Steinsetbygda, byr på eit biologisk mangfald av dei sjeldne. I tillegg er det forslag om utviding av Ormtjednkampen Nasjonalpark, eit unikt fjellområde med stort potensiale både for innbyggarane i kommunen, hytteeigarar og andre tilreisande.

Den Bergenske Kongevegen, Lundebrua og Bruflat kyrkje er nokre av dei mange kulturhistoriske landemerka du finn i Etnedal. Som elles i Valdres står stølsdrifta i Etnedal sterkt. Dette set Valdres og Etnedal i ei særstilling, ikkje berre i Noreg, men også i Europa.

Etna slyngar seg gjennom vakkert kulturlandskap og storslått natur. Namnet betyr ”den som et seg framover”, og saman med naboelva Begna utgjer den ein del av det store Drammensvassdraget. Den 106 kilometer lange elva er sjølve livsåra i Etnedal, og har naturleg nok gjeve namnet til både dalføret og kommunen. Etna er det største vassdraget i landet som renn uregulert ned i ein låglandsinnsjø. Denne varig verna naturperla har alltid sett sitt preg på kommunen, og vil gjere det i lang tid framover.


Etnedal kan by på mange interessante stadar å besøke.

BERGFLAGG:
Ved innfallsporten til dalen frå sør langs r.v. 35, finn vi det eldste bergflagget i Valdres. Det vart måla i 1897 før det reine norske flagget vart godkjent. Det var og eit dobbeltbryllaup i Sør-Etnedal same dagen, og gjestane hadde utsikt til flagget frå festplassen.

LUNDE BRU:
Truleg Nord-Europas største turrmura natursteinbru i eit spenn, bygd i åra 1827-29. Lundebrua er ei steinvelvbru der steinane overfører trykket til kvarandre.

Under krigshandlingane i april 1940 prøvde norske styrker å sprenge brua. Det vart bare små skader, heldigvis må vi vel si i ettertid.

I 1989 vart brua godkjent som motiv for kommunevåpen for Etnedal.

Ved brua er det rasteplass med bl.a. Bustenskjoldfigurar nedenfor brua.

ETNA MØLLE:
Det har vore møllevirksomheit på denne staden heilt tilbake til 1669, men den noværende mølla er bygd i 1914. Ho er bygd i bindingsverk i 3 høgder.

Mølla er driven med ein turbin frå Gjøvik Støperi fra 1915. Av utstyr ellers kan nevnast to steinkverner fra 1928 og 1942, platetørke frå Gjøvik Støperi fra 1915, og skalle - og spissemaskin frå 1942. Anlegget er under restaurering og tilrettelegging. Til anlegget er det og ein flishøvel som no er restaurert, og som det kan lages fliser på.

Meir informasjon om Etna Mølle finner du i artikkelen "Kulturminne, industrianlegg" som det er linka til nedanfor.

DEN BERGENSKE KONGEVEG:
(No turveg mellom Bruflat og Tonsbakken)
Den bergenske kongevegen vart bygd gjennom Valdres i andre halvdel av 1700 - tallet, og var hovudveg fram til fyrst i 1860 - åra.

Den gamle traseen er rydda og informasjonstavler over kulturminner langs veien er sett opp. Kultur - og natursti. Rasteplassar langs veien.

MINNESMERKE OVER FORFATTEREN SIGURD LYBECK:
Ved administrasjonshuset i kommunen står minnesmerke over forfattaren. Avduka på forfattarnes hundreårsjubileum i 1995.

ETNESENNDAMMEN:
Dammen ligg ved utløpet av Etnesenn i Nord-Etnedal. Dammen er eigd av Etna fellesfløterforening som vart etablert i 1847. Etnesenndammen vart trulig etablert rundt 1880 og var i bruk fram til slutten av 60 - talet.

Dammen er no restaurert og er eit viktig kulturminne knytta til fløyting i Etna

Meir informasjon om Etnesenndammen finn du i artikkelen "Kulturminne, industrianlegg" som det er linka til nedanfor.

ROTVOLLDAMMEN:
Dette er ein mindre fløytningsdam i sidevassdraget til Etna (Rotvolla)
Denne dammen er også restaurert.

Sjå fleire viktige kulturminner og krigsminnesmerker her: