Jan Arild Berg får kulturprisen

Etnedal kommune sin kulturpris i 2023 går til Jan Arild Berg. Han er kjent for alle som eit allsidig ja-menneske som alltid har gløda for Etnedal og kulturlivet i dalen. Med kulturprisen, som skal delast ut under kulturkvelden 6. oktober, vil vi vise at lokalsamfunnet verdset det han har gjort for kommunen og innbyggjarane.

Prisvinnaren har vore involvert i mykje gjennom yrkeslivet sitt som bonde, lærar, tiltakskonsulent, rektor og ordførar. Men utover det har han vore ein svært viktig figur i det frivillige kulturlivet i Etnedal sidan midt på 1970-talet. Også regionalt i Valdres, Oppland og Innlandet har han vore – og er framleis – ein viktig ressurs.

Ambassadør for skiidretten

Jan Arild  har gjennom heile sitt liv hatt eit levande engasjement for skiidretten. Han var frå 1975 ein svært aktiv trenar og leiar i Etnedal skilag, og har ført fram mange unge talent. I åra som kom hadde han mange ulike verv og roller i skilaget og har vore fast som arrangør av det årvisse Jomfruslettfjellet rundt i alle år. Han var leiar i Oppland skikrets i fleire år, og fekk også jobben som leiar i Innlandet skikrets.

Oladalen og Etna mølle

Jan Arild var svært aktiv i Fridom Ungdomslag, særleg i samband med dei fire ulike oppsettingane av «Livet i Oladalen». Dette arbeidet føregjekk frå midten på 1990-talet og langt inn på 2000-talet.

Han har også i mange år vore med på “etnedalshelga” på Valdres Folkemuseum, når Etnedal har hatt aktivitetar i husa frå vår kommune. Sidan 2016 har Jan Arild vore styreleiar i Valdresmusea AS, noko som viser at han har . Også lokalt i Etnedal har årets kulturprisvinnar vore opptatt av å ta vare på historie og kulturminne, mellom anna som ein av dei “siste aktive” i arbeidet med å ivareta Etna mølle, før kommunen selde eigedomen i 2022.

Fridom og skilaget går saman om kulturkveld

Kulturkvelden blir arrangert under Kulturdagatn, som i år går føre seg frå 29. september til 7. oktober. Etnedal skilag og Fridom ungdomslag står for innhald og gjennomføring av arrangementet den 6. oktober. Skilaget blir i år 125 år, noko som også vil bli markert på kulturkvelden. Dette blir garantert triveleg!