Ta ekstra godt vare på viltet i vinterferien – hald hunden din i band eller forsvarleg sikra

Det er krevjande forhold for viltet, med mykje  laus snø og ein vinter prega av låge temperaturar. Viltet brukar mykje energi på å forflytte seg for å finne mat.

Ta derfor omsyn og hald hunden din i band eller forsvarleg sikra. Hundelova krev at du alltid skal ha kontroll på hunden din.

Minner om at Etnedal kommune har lokal forskrift om hundehald der det er bandtvang heile året på følgjande stader:

  • Lysløypene og rundløypa ved Etnedal skule 
  • Bustad- og handelsområde
  • Kyrkjegardar
  • Skulegard og barnehage

     
Rådyr i snøen - Klikk for stort bildeRådyr i snøen Vidar Lysnes